Whereby med Øyvind Reed innfelt foto Whereby
SER DEG PÅ NETTET: Møte på nettet har erstatta flyreiser og fysiske møte. Det har gitt Wherebysjef Øyvind Reed (innfelt opp til høgre) rakettvekst. Foto/illustrasjon: Whereby.
Nytt

Korona-konsekvensane: Vi har flytta på nettet for godt

Etter koronapandemien har Whereby-sjef Øyvind Reed tatt ein - 1 - flytur. Og fått over fem gangar så mange tilsette.

27.03.2021

KORONA-KONSEKVENSANE

Få har merka konsekvensane av koronapandemien tydlegare enn Øyvind Reed, sjef og medeigar i videokommunikasjonsselskapet Whereby. Før koronaviruset kom flaug han så ofte, at han fleipar med at han kvalifiserte til gullkort på både på Sandane og Ørsta/Volda lufthamn.

I starten av 2020 hadde Whereby omlag 20 tilsette. No er dei 100.

Brukarmassen har auka med 600 prosent. Driftsinntektene ligg no 450 prosent over nivået for 12 månadar sida.

Nyleg offentleggjorde selskapet at det hadde henta over 100 millionar kroner i ny eigenkapital.

Dette er første artikkel i ein serie der NETT NO ser på konsekvensane av pandemien. Les dei andre under - fleire kjem i påska.

Selskapet “satsar agressivt” på vidare vekst, seier Reed, og arbeider med å hente kapital for å finansierer veksten.

Whereby - tidlegare Videonor – driv med kommunikasjon. Selskapet sine løysingar gjer det råd for folk å sjå kvarandre og snakke saman, sjølv om dei sit på kvar sin kant av verda, både ein og ein - eller store grupper.

Du kan kople deg opp på alt frå mobiltelefon til storskjerm, så sant du har tilgang til internett.

For Reed, som har tilsette i alle verdsdelar, er det gjennom selskapet sine eigne løysingar han held kontakten med sine tilsette og leier selskapet. 13 av dei tilsette, arbeider på hovudkontoret i Måløy. Resten må møtast på nettet.

Dei aller fleste kundane blei kasta inn i ein digitaliseringsprosess som dei opphavleg hadde tenk å bruke tre til fem år på
Øyvind Reed, Whereby-sjef

Før pandemien kom, gjekk overgangen til bruk av nettsamtalar og nettmøte seinare enn Reed hadde venta seg. Med pandemien hadde bedriftene ikkje noko val. På få månadar måtte folk lære, og ta i bruk, kommunikasjonsteknologi i eit omfang som truleg ville tatt fleire år å nå utan koronakrisa.

- Dei aller fleste kundane blei kasta inn i ein digitaliseringsprosess som dei opphavleg hadde tenk å bruke tre til fem år på, seier Reed.

Omlegginga handlar ikkje berre om teknologi. Reed har også måtte legge om måten å leie selskapet på etter at pandemien kom. Det handlar mellom anna om at alle må få kunnskap om diskusjonar som går føre seg og oversikt over kva som er avgjort skal gjerast.

-Vi såg at vi brukte alt for mykje tid på videomøte, og brukar heller meir tid på å dokumentere, seier Reed.

Folk tek ikkje bryet med å reise til Oslo på eit to timars møte
Øyvind Reed

Han trur pandemien kjem til å sette varige spor etter seg i måten vi møtes på, også etter at den er over. Flytrafikken kjem til å ta seg opp, og folk vil framleis har fysiske møte. Men det blir mindre av det enn det var før koronakrisa.

-Folk tek ikkje bryet med å reise til Oslo på eit totimars møte, spår Reed.

For han betydde slike møte å stå opp før klokka fem om morgonen, sette seg i bilen og ta morgonflyet frå Sandane eller Ørsta/Volda, flytoget inn til Oslo, sitte eit par timar i møte - og returnere ut på ettermiddagen.

-Galskap, seier han i dag.

Gjennom koronakrisa har NETT NO snakka med mange bedrifter om korleis dei har tilpassa seg og halde kontakt med kundar og tilsette. Så langt har vi registrert ei samstemt oppslutning om Reed sine vurderingar.

Folk vil møtest, spesielt når det er snakk om å treffe nye kundar og forretningspartnarar, på kurs og konferansar. Men møte med kollegaer, kundar og forretningspartnarar som alt kjenner kvarandre – det blir i stor grad gjort på nett.

Nettmøte sparer tid, billettutgifter og bryderi. Den fordelen har mange fått sjå underkoronakrisa, og den blir ikkje gløymt etterpå.

Koronakrisa har gitt Whereby ein veldig vekst, men og utfordringar og gjort at selskapet tok ei drastisk val. Den gamle teknologien og systema, som kravde store skjermar og maskiner, hadde få, men store kundar.

Kundemassen vart seld til videokonferanseselskapet Pexip sommaren 2020.

Whereby satsa vidare på ei løysing som i staden baserer seg på nettet og brukarane sine eigne mobilar, nettbrett og berbare datamaskiner. Han som utvikla løysinga, Jørn Mikalsen i Oslo, er også ein av medeigarane i Whereby, saman med dei rekkje investorar i Måløy-miljøet.

Det er ei omstilling som kan samanliknast med at Ulstein Group skulle slutte å teikne og bygge store skip, og i staden satse på kajakkar - og få kraftig vekst etterpå.

Dette er første artikkel i ein serie der NETT NO ser på konsekvensane av pandemien. Les dei andre under - fleire kjem i påska
Podium

E7/S1 Kjersti Kleven og Lene Trude Solheim om møteplassar for næringslivet i og etter korona.

Publisert: 27.03.2021 06:00

Sist oppdatert: 19.06.2021 13:06

Mer om