Dag Tore Hagen Margrete Sørensen Møbelringen Hovdebygda foto Ogne
OK Å VENTE: Kundane har venta lenger på møblane under koronakrisa, men for Magrete Sørensen og Dag Tore Hagen har det ikkje gått ut over salet. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Verdshandelen blir lite endra

Ventetida før kundane fekk møblane sine dobla seg i verste fall. Men det gjekk heilt greitt - og koronakrisa snur ikkje opp ned på verdshandelen.

02.04.2021
Dette er sjuande artikkel i ein serie der NETT NO ser på konsekvensane av pandemien. Les dei andre under - fleire kjem i påska
KORONA-KONSEKVENSANE

Margrete Sørensen og Dag Tore Hagen i møbelbutikken Møbelringen i Ørsta auka ordreinngangen 20 prosent i fjor. At salet ikkje auka like mykje skuldast eine og åleine at koronakrisa skapte forseinkingar. Møblar som vart bestilte på slutten av 2020 vart først leverte og betalte tidleg i år, og hamnar dermed i 2021-reknskapen.

Det tok lenger tid å få fram delar frå underleverandørar til møbelprodusentar, og lenger tid å få møblane frå fabrikkane og ut i butikkane.

Dette er sjuande artikkel i ein serie der NETT NO ser på konsekvensane av pandemien. Les dei andre under


Sørensen og Hagen har både norskproduserte og importerte møblar i butikken, men knappast noko kunne vore laga utan importerte komponentar. Møbelbransjen er basert på internasjonal handel, og Hagen trur langt på veg at koronakrisa ikkje har forstyrra forsyningslinjene lenge nok til at det blir vesentlege endringar i det mønsteret etter at krisa er over.

For butikken og møbelbransjen fekk auka leveringstider lite å bety. Nordmenn pussa opp og møblerte meir etter at koronapandemien kom.

- Dei aller fleste har hatt eit avslappa forhold til det, seier Hagen om korleis kundane reagerte på lenger ventetid.

Koronakrisa har også gjort frakt dyrare.

Baltic Freight Index, ein verdsomfemnande målestokk for kva det kostar å frakte ein container over verdshava, er i dag tre gangar høgare enn for eitt år sidan. For frakt frå Asia til Nord Europa er det blitt fire gangar dyrare.

Prisveksten skuldast mellom anna at containarar er blitt mangelvare. Containerane hopa seg opp i USA og Europa då samfunna stengde ned, i staden for å returnere til Asia, der dei no er mangelvare.

Pandemien har og gitt eit stor vekst i netthandelen. Meir varer blir bestilt får sofakroken, og skal fraktast heim til kunden, eller til ein butikk eller eit anna mottakspunkt, der kunden kjem og hentar.

Det er ei utvikling som set fart i digitialiseringa av logistikken meiner Torbjørn Krogen i logistikkselskapet Driw og lagerrobotprodusenten Currence Robotics: Logistikken handlar om alt som har med frakt av alt frå råvarer, delar og komponentar til, gjennom og ut frå fabrikkane og vidare heilt fram til kunden.

Spesielt i den siste fasen, ut til kundane, gjer netthandelen at det er blitt meir krevjande å halde oversikt over kvar vara er til ei kvar tid, og desto viktigare å sikre at den kjem fram i staden for å ende som svinn på vegen.

Koronapandemien og tiltaka mot den har også vist kor sårbare logistikkselskapa kan vere for sjukdom og karantene i arbeidsstokken. Det i seg sjølv er eit argument for meir digitalisering og robotisering, meiner Krogen.

Men vil vanskane under koronapandemien, med forseinkingar og kostnadsauke føre til stor omlegging i internasjonale handel etter at pandemien er over?

Andreas Moxnes ned Universitetet i Oslo tvilar på det. Til det har ikkje krisa vart lenge nok. Moxnes er professor ved økonomisk institutt og med internasjonal handel som spesiale og trur vi langt på veg går attende til situasjone før koronakrisa når den er over.

- Vi ser allereie no at handelsvoluma (i verda, red. merk) har gått attende til nivået frå før pandemien, seier han.

Han minner om at det er bygd opp ein tillit mellom norske bedrifter og leverandørar langt vekke, til dømes i Kina. Den tilliten er ikkje vekke etter koronakrisa.

Det er ikkje automatisk slik at å produsere alt heime er sikrare heller, etter Moxnes si vurdering. Internasjonale verdikjeder er sårbare for internasjonale sjokk – som då Kina blei delvis stengt i starten av pandemien. Men den som har basert seg på å hente alt av råvarer og komponentar frå norske leverandørar er tilsvarande sårbare for for eksempel nedstenging i Noreg

Men erfaringane frå pandemien kan likevel skape endringar, meiner han, fordi både drifter og styresmakter kan velje å bruke både fleire og meir geografisk spreidde leverandørar for å dempe risikoen for forsyningproblem under neste krise.

Dette er sjuande artikkel i ein serie der NETT NO ser på konsekvensane av pandemien. Les dei andre under - fleire kjem i påska

Publisert: 02.04.2021 05:55

Sist oppdatert: 07.04.2021 11:00

Mer om