Working from home and homeschooling in Ireland during the pandemic 1 Wikimedia Commons
MULTITASKING: Kombinasjonen heimekontor og stengte skular gav mange ein sjokkstart på heimekontortilveret i fjor vår. Når alle barna er attende på skulen, vil truleg fleire vaksne bli verande meir på heimekontor enn før koronakrisa. Illustrasjonsfoto: Wikimedia Commons/AugusteBlanqui
Nytt

Heimekontor-revolusjonen

Erfaringane frå heimekontor under koronakrisa kan bli den største omveltninga i arbeidslivet på fleire tiår.

04.04.2021

KORONA-KONSEKVENSANE:

Må bilane stå i kø i Blindheimstunnelen kvar morgon og ettermiddag? Må du flytte til Oslo for å få den feite løna og artige jobben du vil ha, og der stå på tog eller T-bane i 20-30 minutt til og frå kontoret?

Eller kan du jobbe frå heimekontor eller i eit kontorfellesskap kvar som helst på Nordvestlandet, sjølv om hovudkontoret ligg I Ålesund eller Oslo.

Bruken av nettbaserte videokonferansar og annan nettbasert kommunikasjon har hatt ein eksplosiv vekst under kororanakrisa, som mellom historia til Måløyselskapet Whereby viser.

Dette er niande artikkel i ein serie der NETT NO ser på konsekvensane av pandemien. Les dei andre under

Whereby- sjef Øyvind Reed har tilsette over heile verda – og kommuniserer og styrer drifta via nettet. Han er ein av dei som peikar på at den digitale kommunikasjonsrevolusjonen kan vere ein gylden sjanse for kommunar utanfor dei største byområda.

Lenger inne i fjorden, på ordførarkontoret i Stad kommune, sit Alfred Bjørlo og er heilt samd.

Han vil ha flytterett til eigen jobb, som eit middel til å flytte statlege arbeidsplassar ut av Oslo. Det betyr at statlege tilsette kan få ein rett til å ta med seg jobben på flyttelasset.

– Erfaringane det siste året med mange på heimekontor, viser at fjernarbeid er meir realistisk enn vi kunne trudd for berre få år tilbake. Eg er opptatt av at stadsuavhengige oppgåver kan bli utført utanfor Oslo og sentrale kommunar i Oslo-området, skreiv distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland tidlegare i vinter i ein epost til Nynorsk pressekontor.

Stad kommune er utpeikt til å få eit “Statens hus” på Nordfjordeid, nettopp for å samle det som er av statlege arbeidsplassar i Nordfjordeid.

Målet til Bjørlo er sjølvsagt å gjere huset så stort som råd, og skulle han få gjennomslag for flytterett-framlegget kan det bidra til å fylle huset med fleire folk.

Rett før påske kom også dei første “Bjørlo-jobbane”, to stillingar i nærings- og fiskeridepartementet der det blir opna for at dei som får jobbane kan bu kvar som helst.

Fordelen med ei slik løysing er både at folk får eit fellesskap å arbeide i, og truleg og betre tekniske løysingar enn du kan få heime.

I Sykkylven opnar snart eit nytt kontorfellesskap, der det mellom anna skal vere kontor for folk i bygda som i dag arbeider for bedrifter heilt andre stader i landet.

Heimekontor har også eit transportøkonomisk poeng.

Tenk om dei som dagleg sit i bilkø i Blindheimstunnelen, eller står på toget mellom Asker og Oslo, i staden arbeidde heimanfrå ein dag i veka. Så sant heimekontorbruken blir spreidd ut over heile veka utgjer det ein dagleg reduksjon i rushtrafikken på 20 prosent.

Verdt å tenke over, både frå eit miljø- og økonomi-perspektiv.

Under koronapandemien har det vore lite strid om arbeidsgivar har rett til å pålegge tilsette å arbeide frå heimekontor, seier advokat Kristin Fjellby Grung hos advokatfirmaet Adviso.

Ikkje alle har god plass heime, og har måtte bruke kjøkkenbordet som kontor. Dei fleste har nok akseptert alvoret i situasjonen og samarbeidd for å få til best mogleg praktiske løysningar. I ein normal situasjon vil neppe arbeidsgivarar kunne pålegge folk å arbeide heimanfrå, men under koronakrisa er styringsretten utvida, er hennar vurdering.

Podium

E9/S1 Bente Storhaug Dahl og Geir Balsnes om korleis skape ein god prestasjonskultur.

Men etter epidemien, kva då?

Også sett frå bedriftene si side kan det vere attraktivt at dei tilsette arbeider på heimekontor. Mellom anna akkurat som heimekontor gir meir plass i trafikken, blir det meir plass på kontoret. Dermed kan kontorlokala bli mindre, og det kan bety sparte kostnadar.

I ein normal situasjon er det krav om ein skriftleg avtale om bruk av heimekontor, som mellom anna regulerer omfang, arbeidstid og når du skal vere tilgjengleg for arbeidsgivaren.

Arbeidsgivar bør også følgje råda frå Arbeidstilsynet, fortel Grung. Dei handlar både om å halde kontakt og sørge for eit forsvarleg arbeidsmiljø.

Ei ny forskrift om heimekontor er også på veg, men det er førebels ikkje klart når den kjem.

Den som gjeld i dag er frå 2002 og skrive for ein mindre digitalisert arbeidskvardag enn dagens.

Dette er niande artikkel i ein serie der NETT NO ser på konsekvensane av pandemien. Les dei andre under

Publisert: 04.04.2021 05:55

Sist oppdatert: 07.04.2021 11:00