Varehandel montasje korona kommentar blomster bokhandel foto marius 11
AVGRENSA OPPTUR: Ein rekke bransjar i varehandelen opplever oppsving under pandemien. Virke trur økonomien er tilbake til eit «normalår» i 2022. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Analyse: Opptur med datostempel

Delar av varehandelen har fått eit oppsving utan like av pandemien. Men den vil ikkje vare.

Marius Rosbach
30.03.2021

KORONAKONSEKVENSANE:

I vekene etter koronapandemien slo til i mars i fjor, var det mange dystre spådommar. Medan store delar av det norske samfunnet var stengt ned, frykta mange at eit ras av konkursar var nært føreståande.

Då kring halvparten av dei 190 butikkane på kjøpesenteret Amfi Moa var stengt på denne tida i fjor, konkluderte ei NETT NO-analyse at ikkje alle butikkane ville vere der når koronapandemien var over.

Den første konkursen kom allereie få dagar etterpå då ein mobiltelefonreparatør gav opp og melde oppbod. Seks veker seinare var tre andre butikkar råka av konkurs.

Dette er fjerde artikkel i ein serie der NETT NO ser på konsekvensane av pandemien. Les dei andre under

Når vi skal summere opp situasjonen eit år etterpå, har dei fleste likevel klart seg – og mange har klart seg godt. Men vi må hugse at pandemien – og konsekvensane av den – på langt nær er over.

På kort sikt har korona gitt eit stort oppsving for delar av varehandelen. Då Virke sin sjeføkonom Lars Haartveit i førre veke oppsummerte koronaåret og vidare utsikter, påpeika han at det har skjedd endringar dei ikkje har vore vitne til tidlegare.

Allereie kort tid etter et samfunnet blei stengt ned i fjor, kunne byggvarehusa melde om salsrush. Ved slutten av året viste SSB-tala at handelsvinnarane var blomster, byggevarer, butikkar med breidt vareutval og elektronikk – saman med Vinmonpolet. Men også andre som sel saker og ting nordmenn treng til heimen fekk ei auke – som daglegvare og møblar.

Alt frå Tilseth Hagesenter på Furene til Coop Nordvest melder om rekordtal.

Enkelt sagt fungerer «koronaøkonomien» slik at smittevernrestriksjonar er ein fordel for varehandel generelt. Reduserte moglegheiter for tenester og forbruk i utlandet, gir meir til varekjøp. Samtidig sparer folk langt meir – dei verst råka bransjane kan trøyste seg med at Virke ventar eit oppdemma forbruk og opptur for desse.

Men når vaksinane gir effekt og samfunnet opnar opp trur ikkje Virke veksten vil halde fram for bransjane som det siste året har hatt eit rush av kundar. Spådommen for 2021 er nullvekst for varehandelen – og «meir vanlege tal» til neste år.

For bedriftene som no opplever oppsving, er det uansett kjærkomne inntekter etter at marginane generelt i varehandelen er blitt meir pressa dei siste åra. Og oppsummert var det fleire vinnarar enn taparar i handelen i fjor.

Amfi moa illustrasjon handel 11
STAGNERT: For nokre år sidan Amfi Moa hadde mål om å nå fire milliardar kroner i omsetning i 2020. Fasiten etter eit turbulent koronår vart tre milliardar.

Medan det er jubel hos store delar av varehandelen, er det historisk botnår for andre. I motsett ende av statistikken finn vi sko- og klebutikkar, som saman med bensinstasjonar, fekk ein betydeleg nedgang i omsetninga i fjor.

Ei ekstra belastning for desse bransjane, er at mykje av salet er tapt for godt. Behovet for nye kle vil komme tilbake – men då vil kundane gjerne ha neste kolleksjon. Slik er det ikkje for møbel på same måte. Dei som tenkte å kjøpe ny sofa i mars, vil også kjøpe den om dei må vente til juni, påpeika Virke sin sjeføkonom i si oppsummering.

Sjeføkonom Lars Haartveit fortel at dei kan lese smittebølgje ein to og tre i omsetningstala for kle og skobutikkane.

Dei ser også at mykje av forbruket har gått over til netthandel. Mange - også lokalt - har omstilt seg til netthandel. Klesbutikken Farmor Ingvarda i Ålesund Storsenter var i løpet av nokre dagar oppe og gjekk med nettbutikk i april i fjor. Men ikkje alle tek del i den utviklinga og den store usikkerheita er kor mykje av handelen som kjem tilbake til dei fysiske butikkane.

Ein ting er sikkert: Ein auke i handelen hos norske nettbutikkar på 37 prosent i løpet av 2020, utgjer er ei formidabel utfordring for butikkar og kjøpesenter i kjølvatnet av pandemien.

Farmor ingvarda 333
STARTA NETTHANDEL: Farmor Ingvarda i Ålesund var mellom butikkane som laga nettbutikk i fjor. Butikkeigarar som lukkast med å ta steget over til netthandel, kan dempe utfordringane i dei hardt råka delane av varehandelen framover. Foto: Marius Rosbach

Butikkar var allereie før pandemien mellom dei som stod for flest konkursar saman med bygg- og anleggbedrifter og verksemder innan overnatting og serveringa. Slik var det også mot slutten av fjoråret i Møre og Romsdal. Då hadde Brønnøysundregistera kunngjort 33 konkurssaker i varehandelen. Berre bygg- og anlegg hadde fleire.

At det ikkje kom ei konkursauke i fjor, har samanheng med at skattestyresmaktene har vore restriktive med å sende konkurskrav til tingrettane.

Sunnmøre tingrett foto ogne
FÅ SAKER TIL DOMSTOLANE: Tall frå skattestyresmaktene viser at det blei sendt ut langt færre krav om konkursar til tingrettane i fjor. Samtidig har tusenvis av bedrifter fått betalingsutsetting for utgifter på 4,9 milliardar. Foto: Ogne Øyehaug

Tal frå Skatteetaten som NETT NO har fått opplyst, teiknar eit tydeleg bilde. Frå veke 12 – då dei strenge koronatiltaka blei sette i verk – og ut året, blei det sendt ut mindre enn halvparten så mange krav om konkursar til rettssystemet som året før. Utviklinga har halde fram i 2021.

Andre tal frå Skatteetaten viser at tusenvis av bedrifter også har utsett betaling av skattar og avgifter. Til saman var dei utsette rekningane til bedriftene ved utgangen av februar kome opp i 4,9 milliardar kroner.

Førebels ligg desse rekningane til forfall hos bedriftene i løpet av sommaren. Høgst truleg vil konkursauken vere eit faktum før alle er betalt.

Dette er fjerde artikkel i ein serie der NETT NO ser på konsekvensane av pandemien. Les dei andre under

Publisert: 30.03.2021 05:55

Sist oppdatert: 15.10.2021 09:13

Mer om