Ålesund brosundet skansekaia innfelt jenny klinge foto marius
ÅLESUND-SATSING: Både Eksportfinans og Innovasjon Norge i Ålesund blir styrka via regjeringas eksportsatsing, påpeiker Jenny Klinge (Sp), stortingspolitikar i næringskomiteen. Foto: Marius Rosbach/Ragne B. Lysaker-Senterpartiet
Synspunkt

Ein politikk for næring i heile landet

Vi er allereie i gang med store og viktige satsingar som skal koma næringslivet til gode. Og meir skal koma, skriv Jenny Klinge (Sp) i debatten om regjeringa si eksportsatsing i Ålesund.

28.03.2022

Vi kjem ikkje unna det: Grunnlaget for velferd er verdiskaping. Vi i Senterpartiet vil derfor saman med Ap i regjering legge til rette for at næringslivet skal blomstre i heile landet. Slik vil vi sikre høg verdiskaping og eit sterkt velferdssamfunn for framtida.

Vi er allereie i gang med store og viktige satsingar som skal koma næringslivet til gode. Og meir skal koma.

Både Eksportfinans og Innovasjon Norge i Ålesund blir styrka, noko som er fornuftig i ein sterk eksportregion som Sunnmøre. Mandatet til Eksportfinans blir utvida frå å gi garantiar til også å kunne gi lån til eksportretta investeringar. I tillegg får Eksportfinans eit grønare mandat ved at dei kan også kan finansiere klimaprosjekt i Norge som har eksportpotensial. Den lange tradisjonen for eksportretta næring på Sunnmøre kan også bidra til gode løysingar for ei nødvendig grøn omstilling.

Nyleg presenterte næringsminister Jan Christian Vestre ei viktig eksportreform. «Heile Norge eksporterer» er ambisjonen. Der blir det knytt konkrete verkemiddel til regjeringas målsetnad om at Norge skal auke fastlandseksporten med 50 prosent innan 2030.

Eit nytt nasjonalt merkevareprogram, «Made in Norway», vart lansert som ein del av eksportreforma. Dette skal bidra til at næringslivet betre skal kunne utnytte styrken i Norge som merkevare i den internasjonale konkurransen.

Det kjem mellom anna ei ordning der næringslivet kan søkje om støtte til inntil halvparten av kostnaden ved å delta på messer og felles næringsfremmande aktivitetar. Dette har vore etterlyst av næringslivet, og det er flott at det no kjem på plass.

Vi skal ha ei grøn industrisatsing, der regjering skal legge til rette for dei bedriftene som vil satse på karbonfangst- og lagring, hydrogen, batteri, havvind osb. Her er det samtidig viktig å understreke at havvindsatsinga ikkje kan gå på kostnad av fisken som den livsviktige og evigvarande ressursen den er og skal vera. God dialog med fiskarane og forskarane er viktig for ei fornuftig utvikling på dette feltet.

Eitt av dei viktige grepa for heile næringslivet blir den jobben vi vil gjera med å forenkle verkemiddelapparatet, som Innovasjon Norge og Siva, og gjera det lettare tilgjengeleg. Vi har allereie etablert «ein veg inn» til verkemiddelapparatet, der bedriftene lett kan orientere seg om kva del av dette apparatet som passar til behova deira.

For alle bedrifter er det at regelverk og byråkrati blir forenkla. Særleg viktig er dette for dei mindre bedriftene. Og det er dei vi har desidert flest av.

Lovnaden frå regjeringa om å redusere næringslivets kostnader knytt til pålagte reglar og utfylling av offentlege skjema med 11 mrd innan 2025 forpliktar. Ein slik reduksjon vil bety veldig mykje både i form av sparte midlar og i form av frigitt tid til andre og viktigare oppgåver for bedriftene. I tillegg må målet vera å frigjera offentlege stillingar til andre og betre føremål enn unødvendig byråkrati.

Noko eg sjølv er veldig oppteken av i tillegg til å redusere byråkratiet, er at lokale og nasjonale bedrifter skal ha reell moglegheit til å vinne anbodskonkurransar om offentlege oppdrag.

Dette handlar om storleiken på dei oppdraga som til dømes staten og fylkeskommunane legg ut på anbod. Ein kan dele opp desse og slik gjera dei meir tilgjengelege for mindre aktørar. Men det handlar også om vekting av faktorar som miljø og klima, sosiale forhold, andel lærlingar i bedriftene osb, der norske bedrifter ofte har eit konkurransefortrinn framfor dei utanlandske.

Ofte kan dei utanlandske vinne lett på lågare pris, men det kan vera gode grunnar til å vektlegge andre faktorar når ein tenkjer samfunnsøkonomisk lønsemd og eigenskapar ved produkta og produksjonen (som klimaeffekt).

Det er ingen tvil om at mange bedrifter har lidd mykje under koronaen. Andre har no fleire tilsette enn før pandemien starta. Så ulike delar av næringslivet har ulike behov for tiltak og tilrettelegging. Regjeringa vil ha tett dialog med organisasjonane og bedriftene for at politikken skal vera best mogleg tilpassa situasjonen for dei ulike delane av næringslivet.

Det er forskjell på krisehjelp, som vi må koma opp med etter kvart som tidene skiftar, og langsiktige politiske tiltak. Men store satsingar på å fremme næringsaktivitet i heile landet og å auke eksporten er langsiktige tiltak vil gjera oss betre budd på framtida, både fredstid og nye kriser. Det er bra for verdiskapinga. Og slik sikrar vi det velferdssamfunnet som gjer landet vårt til eit godt land å drive verdiskaping i òg.

Jenny Klinge, stortingsrepresentant, Senterpartiet, næringskomiteen

Publisert: 28.03.2022 05:01

Sist oppdatert: 28.03.2022 00:12

Mer om