Erik Jakobsen verftskonferansen 2023 foto Ogne
Menon Economics-partnar Erik Jakobsen på Verftskonferansen 2023 i Ålesund. Menons rapportar fortel om optimisme i maritim bransje. Foto: Ogne Øyehaug
Analyser

God stemning på verfta

To milliard-kontraktar på ei veke. Ikkje rart det er god stemning i skipsbyggingsbransjen.

17.12.2023
ANALYSE:

Mandag denne veka melde Vard om ein kontrakt på 2,2 milliardar kroner for eit kombinert kabel- og konstruksjonsskip som skal brukast i vindkraftindustrien. Fredag kom meldinga om nok ei kontrakt, på mellom 2,3 og 2,9 milliardar kroner for eit kabelskip til ein ukjent kunde. Begge fartøya skal byggast ferdig i Noreg, som betyr hos eitt av Vard sine tre verft på Nordvestlandet.

Vard har signert kontraktar for over 16 milliardar kroner i år. Ikkje alle skipa skal byggast ved Vard-verfta i Noreg, men meir enn nok til å utgjere eit solid tilskot til den samla ordreinngangen for norske skipsverft i år.

I NETT NO si førre oppsummering, i starten av november, hadde norske verft offentleggjort kontraktar for bygging av 27 fartøy, for tilsaman 12,2 milliardar kroner i år. No er det altså blitt minst mellom 4,5 og 5,1 milliardar kroner meir.

På ein skala frå ein til ti var stemninga i skipsbyggingsindustrien 3,5 i januar og sju no, seier Hugo Strand, styreleiar i sals-, marknadsføring og bransjeorganisasjonen Norske Skipsverft og dagleg leiar i Fitjar Mek. Verksted på Stord.

Utviklinga gjennom 2023 har vore gledeleg.

- Vi har i alle fall mykje større grunn til å kjøpe nyttårsrakettar i år enn for eitt år sidan, seier Strand.

Vard er ikkje åleine om å hanke inn nye oppdrag, og den nye utfordringa for bransjen nett no er å få tak i nok folk til å bygge skipa.

HR-direktør Sølvi Gjerde i Ulstein Grop sa tidlegare i desember at dei no har utlyst stillingar i alle sine norske selskap. Det kan ho ikkje huske har skjedd før.

– Alle dei seks norske selskapa våre har utlyst stillingar no, og vi ser ein trend med at fleire som har jobba i Ulstein tidlegare, no søker seg tilbake, sa ho.

Hugo Strand si vurdering er at svekka konkurranseevne for tyrkiske verft og ei styrka konkurranseevne for norske verft er ei medverkande årsak til oppsvinget for norske verft i år. Den endringa heng saman med økonomisk utvikling og valutaendringar.

I bransjen har det vore forventningar om at ei svak norsk krone - som gjer det relativt billegare å bygge i Noreg for utanlandske kundar - skal gi utslag i meir skipsbygging i Noreg.

Samstundes er også skipsbyggingsaktiviteten på veg opp på verdsbasis, noko blant andre både Kongsberg Gruppen og Brunvoll-konsernet merkar i form av auka ordreinngang på anlegg og utstyr til nye skip.

Det som manglar i år er nye kontraktar på brønnbåtar til oppdrettsnæringa. Det har vore ein viktig marknad for norske verft dei siste åra. Men etter at grunnrenteskatt på oppdrettsnæringa vart varsla i 2022 var det stopp for bestilling av nye brønnbåtar. I år er dette meir enn kompensert, først og fremst av bygging av skip for vindkraftmarknaden og kabelleggingsmarknaden.

På Verftskonferansen i Ålesund i november spådde marknadsanalytikar Ingeborg Almås i skipsmeglerselskapet Clarksons at skipsverfta verda over får meir å gjere fremover, samtidig som det ikkje blir like lett å auke skipbyggingskapasiteten som under tidlegare oppturar.

Mangel på arbeidskraft har blitt ein flaskehals for skipsbyggingsbransjen internasjonalt, ifølgje Almås.

Auka etterspørsel kombinerte med begrensningar i kor raskt verftsindustrien kan auke kapasiteten, er oppskrifta for å auke lønsemda. Clarksons ventar også at nye kontraktar for bygging av skip til olje- og gassutvinningsverksemd til hava vil kome attende.

Det kan motverke eit eventuelt tilbakeslag frå vindkraftbransjen, der fleire større utbyggingar er lagt på is eller avlyst i år.

Det gjenstår å sjå om alle kontraktane i år slår ut i betre økonomiske resultat for dei norske verfta enn den førre oppturen - der cruiseskips-kontraktar var drivaren.

Utgangspunktet burde i alle fall vere betre, i og med at verfta har meir erfaring med den typen skip som blir bygd no, enn dei hadde med cruisefartøy, der lærekurva vart i brattaste laget.

Publisert: 17.12.2023 05:00

Sist oppdatert: 16.12.2023 18:47

Mer om