Tarjei vassbotn investormatch foto marius 11
INVESTORMØTER: Tarjei Vassbotn og teknologiselskapet Tana har henta inn meir enn 40 millionar kroner til nysatsing. På sikt skal dei også hente meir kapital og onsdag presenterte Vassbotn seg under Investormatch i Ålesund. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Lagar superrask plattform for kommunikasjon

Tidlegare Google-topp fortalde om nysatsing med base i Volda som allereie har henta inn meir enn 40 millionar.

Marius Rosbach
23.03.2022

Under Investormatch i Ålesund onsdag letta voldingen Tarjei Vassbotn på sløret om oppstartsselskapet Tana.

Den tidlegare Google-toppen starta selskapet saman med Grim Hegland Iversen og Olav Sindre Kriken.

Teknologiselskapet har adresse i Volda og gründerane har tidlegare halde korta tett til brystet om kva verksemda dreiar seg om.

Onsdag kunne han fortelje litt meir om innhaldet.

– Vi skal lage verdas raskaste plattform for samarbeid og informasjonshandtering med ei chatløysing som er veldig annleis enn dei som brukast i dag, fortalde han.

Skal takle informasjonsoverflod
Namnet Tana kjem frå samisk, som oversatt til engelsk betyr «the great river».

Vassbotn fortel at Tana vil løyse ulike problem som folk møter i handtering av store mengder informasjon. Det eine er at informasjonen er overalt og det andre er at den ofte ikkje passar inn i systemet ein har.

– Då blir løysinga kanskje alt frå post-it-lappar til e-post-assistentar, sa voldingen.

Den tredje utfordringa dei vil løyse, er knytt til såkalla asynkron kommunikasjon - i daglegtalen omtala som chatting.

Vassbotn gjekk ikkje i detalj om løysinga, men la ikkje skjul på at han meiner løysingar som Teams og Slack på langt nær er godt nok.

(saka held fram under)

Tana tarjei vassbotn investormatch foto marius 11
PLATTFORMLØYSING: Tarjei Vassbotn viste fram litt av korleis plattformen vil bli sjåande ut. Han har tidlegare leia «internet of things»-avdelinga til Google internasjonalt. Foto: Marius Rosbach

Anbefalte å tenke internasjonalt
Vassbotn har tidlegare vore med å bygge opp sensorselskapet Disruptive Technologies med base i Bergen. Den gong valte dei å berre ta inn norske investorar – ei løysing han ikkje anbefaler i dag.

– Ta inn internasjonal kapital i ein god miks med norske, var hans råd under Investormatch.

Mellom dei strategiske investorane dei har med denne gongen, er mellom anna eksalpinist Aksel Lund Svindal, Holly Branson – dotter til den britiske milliardæren Richard Branson - som representant for Branson-familien og stryningen Arne Tonning som er partnar i fondselskapet Alliance Venture Delta.

Har henta inn 42 millionar
Så langt har teknologiselskapet henta inn 4,8 millionar amerikanske dollar – om lag 42 millionar norske kroner frå investorar og offentleg støtte.

Vassbotn fortel at dei vil trenge meir kapital på sikt, men at dagens kapital skal halde i «eit par år».

Selskapet fekk mellom anna tildelt 15 millionar kroner frå Innovasjon Norge. Det er eit av dei største tilskota som blei gitt til bedrifter i Møre og Romsdal i fjor.

Siktar internasjonalt
Den norske marknaden er for lite til å vere interessant, og Tana siktar seg i første omgang inn mot USA.

Kva tid produktet kjem på marknaden er ikkje klart og selskapet er framleis i ein utviklingsfase.

– I dag veit vi ikkje ein gong kva produktet kjem til å koste. Vi tenker berre på å nå brukarane og då ventar vi at innteninga vil komme, legg han til.

Publisert: 23.03.2022 12:34

Sist oppdatert: 23.03.2022 20:22

Mer om
Annonsørinnhold