Helikopter på veim foto Norsk Olje og Gass 1
KORONASMELL: Koronapandemien fekk oljeetterspørselen til å stupe, men etterspørselen er snart tilbake til før pandemi-nivå. Foto: Norsk Olje og Gass,OLF/Tom Haga
Nytt

Korona-konsekvensane: Optimismen sett fleire år tilbake

Oljeprisen har henta seg inn, men den optimismen som gjekk tapt tek lenger tid å få tilbake.

28.03.2021
Dette er andre artikkel i ein serie der NETT NO ser på konsekvensane av pandemien. Les dei andre under

KORONA-KONSEKVENSANE

Hos kriseråka offshorereiarlag bygde det seg opp ei forsiktig optimisme i løpet av 2019. Nedturen som byrja med oljeprisfallet i 2014 kunne gå mot ein ende.

Med reiserestriksjonar og andre smitteverntiltak for å verne oss mot koronapandemien, blei fly sette på bakken, fabrikkar gjekk på sparebluss og det blei mindre biltrafikk. Dermed fall etterspørselen etter olje, og prisen med den. Ein priskrig i oljemarknaden I tillegg gjorde vondt verre.

Koronapandemien sende oljeprisen frå 60 til under 20 dollar fatet frå februar til april i fjor.

Men etterspørselssvikten er ikkje varig. I mars i år steig prisen på Nordsjøolje til over 70 dollar fatet nokre få timar, og har vore over 60 dollar fatet sidan starten av februar i år.

Etterspørselen etter olje vil stige over 2019-nivået neste år spår det amerikanske energistatistikk-byrået EIA. Det skjer først i 2023 spår det internasjonale energibyrået IEA og det norske analyseselskapet Rystad Energy.

EIA sin statistikk viser ein nedgang i oljeforbruket på 9,5 prosent frå 2019 til 2020. I år blir forbruket 3,6 prosent under 2019- nivået, og neste år hårfint over - på 101,33 millionar fat om dagen.

Koronabrems og uvisse
Dette er spådommar. I ei fersk oppdatering anslår Rystad Energy at ei oppblomstring av smitten kombinert med forseinkingar i vaksineringa kan redusere etterspørselsveksten med ein million fat om dagen i år.

IEA peikar og på at det mellom anna er uvisse knytt til i kor stor grad erfaringane næringslivet har fått med videomøte og annan nettkommunikasjon påverkar flytrafikken i framtida. Det er slett ikkje sikkert at næringslivet vil reise som før, og dermed vil heller ikkje etterspørselen etter drivstoff til fly nå gamle høgder.

Uvisse er og knytt til verknaden av at det blir bygd ut meir vind- og solkraft. IEA har nedjustert sine prognoser, med trur likevel at oljeforbruket vil vere på 104,1 millionar fat om dagen i 2026, 4,4 prosent over 2019-nivået.

Oppsving i Asia og Afrika
Det er ikkje Vesten, med Asia og Afrika som vil gjere at etterspørselen aukar, i følgje IEA.

Sjølv om oljeprisen er tilbake på før-koronakrise-nivå og det blir spådd auke i etterspørsel etter olje er ikkje optimismen i offshorereiarlaga tilbake etter knekken i fjor.

Offshorereiarlag har greidd å snu seg mot marknaden for å bygge og vedlikehalde vindkraftanlegg til havs, men dette har langt nær vore nok til å erstatte aktiviteten som oljeutvinninga skapte fram til 2014.

Truleg vil det ta minst eitt år med relativt stabil oljepris over 60 dollar fatet før oljeselskapa finn fram planar som blei lagt på i fjor og byrjar å bruke meir pengar på leiting og utvinning - som gir oppdrag til reiarlaga.

Først deretter kan optimismen byrje å kome attende også på reiarkontora.

Dette er andre artikkel i ein serie der NETT NO ser på konsekvensane av pandemien. Les dei andre under

Publisert: 28.03.2021 06:00

Sist oppdatert: 16.04.2021 19:42