Rystad mineralutvinning illustrasjon Rystad Energy innfelt kjell inge røkke 11
KAN BLI NY NÆRING: Ein illustrasjon frå Rystad Energy viser korleis gruvedrift på havbotnen kan gå føre seg. Kjell Inge Røkke (innfelt) og Rev Ocean meiner det er for tidleg. Illustrasjon: Rystad Energy
Nytt

Røkke vil vente med gruvedrift på havbotn

Slår følgje med miljørørsla og fiskarane i synet på det som er trekt fram som ein potensiell ny stor industri.

Marius Rosbach
31.01.2023

Før helga gjekk fristen ut for å seie si meining om opning av områder for utvinning av mineral på havbotnen.

Forslaget frå regjeringa har vekka heftig debatt og det er kome inn fleire enn 1000 høyringssvar.

Fiskeri og miljørøsla er kritiske
Ein rekke miljøorganisasjonar er kritiske til forslaget, saman med Havforskingsinstituttet.

Det same er fiskeriorganisasjonar som Fiskebåt. Dei fryktar konsekvensane for pelagisk fiske i område, og skadeleg påverknad for mellom anna for fiskebestand og økosystem.

Organisasjonen som representerer dei største eigarane i fiskeflåten, viser til at alle miljøfaglege institusjonar peiker på mangelfull kunnskap. Fiskebåt sin konklusjon er at det er for tidleg å opne for slik verksemd.

Rev Ocean peiker på sårbar fauna
Kjell Inge Røkke-selskapet Rev Ocean er mellom dei som er kritiske til forslaget. Dei skriv i sitt høyringssvar at dei er «ekstremt bekymra» for planane om å opne for mineralverksemd i eit område som i stor grad ikkje er undersøkt.

Rev Ocean viser til at dei undersøkingane som er gjort, viser ein svært sårbar fauna kring felt med varme kjelder – omtala som «skorsteinar».

Selskapet meiner difor det er for tidleg å opne for leiting og gruvedrift – utan grundigare undersøkingar av havområda.

Rev Ocean mai 2022 foto Marius Rosbach 11
FORSKINGSKIP: Kjell Inge Røkke har planar om å drive forsking frå sitt kombinerte yacht og ekspedisjonsskip Rev Ocean. Skipet som her er fotografert ved Vard Brattvåt, er fleire år forseinka. Foto: Marius Rosbach

Stor tru på gruvedrift til havs

Ein rapport frå Rystad Energy viser at mineral frå havbotnen kan gi grunnlag for ei næring med ei årleg omsetning på nær 180 milliardar kroner i løpet av dei neste tiåra.

Det er meir enn dobbelt så høgt som moglegheitene som er antyda for havvindindustrien.

Dei mest optimistiske anslaga for sysselsettinga frå mineralutvinning, viser ifølgje rapporten at det kan bli skapt meir enn 20.000 nye jobbar i næringa her til lands.

Fiskeridirektoratet seier ikkje nei
Fiskeridirektoratet har derimot ikkje alvorlege innvendingar mot forslaget, og viser til at mineral frå havbotnen kan bli ei framtidig næring.

Direktoratet skriv i sitt høyringssvar at det er lite norsk fiskeriaktivitet i områda som er føreslått opna. Samtidig påpeiker det er viktig med tidleg informasjon til fiskeriinteressene i forkant av eventuelle aktivitetar.

Norges Rederiforbund er blant dei som stiller seg positive, og trur Norge er godt posisjonert for å utvikle ekspertise for forsvarleg utvinning av slike mineraler.

Stortingsmelding i vår
Regjeringa har planar om å legge fram ei stortingsmelding om mineralverksemd på havbotnen i løpet av våren.

Det er føreslått å opne eit større område mellom Svalbard og kysten av fastlandet, mellom anna ved Mohnsryggen, ein vulkansk midthavsrygg som skil to jordskorpeplater, i bassenget i Norskehavet.

Regjeringa meiner det er viktig å opne for kommersiell leiting og kartlegging, slik at det kan avklarast om det finst førekomstar som kan utvinnast på lønnsamt vis.

Publisert: 31.01.2023 10:16

Sist oppdatert: 31.01.2023 10:14

Mer om