Fredrikstad Seafood Landbasert oppdrettsanlegg foto Fredrikstad Seafood 11
FØRSTE I NORGE: Fredrikstad Seafood er så langt den einaste kommersielle landbaserte laksen. Neste månad skal Salmon Evolution sette smolt i sitt første anlegg på Indre Harøy. Foto: Fredrikstad Seafood
Nytt

Trur tropisk fisk har større potensial enn laks

Noregs første oppdrettsanlegg på land vurderer å droppe laksen.

NPK
07.02.2022

(NPK): Utanfor Fredrikstad produserer Fredrikstad Seafood så langt den einaste kommersielle landbaserte laksen i Noreg. No vurderer selskapet å byte laksen ut med tropisk yellowtail kingfish.

Fredrikstad Seafood har søkt om løyve til å produsere fiskearten yellowtail kingfish, ein tropisk fiskeart som er populær i sushi.

– Trur det er større innteningspotensial

Så sant Miljødirektoratet, Fiskeridirektoratet og Viken fylkeskommune godkjenner søknaden, håpar selskapet komme i gang med produksjonen i 2023, skriv Fiskeribladet.

– Vi trur det er større innteningspotensial på denne arten, som vi allereie produserer i Hanstholm i Danmark, seier Bernt Olav Røttingsnes til avisa. Røttingsnes er konsernsjef i Nordic Aquafarms, som eig både Fredrikstad Seafood og det danske selskapet Sashimi Royal.

Salsprisen på yellowtail kingfish – også kalla yellowtail amberjack, hiramasa og great amberjack – er rundt 150 kroner kiloen, om lag det dobbelte av prisen på laks.

Første kommersielle anlegg på land
Anlegget ved Fredrikstad stod ferdig i 2019 og kosta rundt 400 millionar kroner. Den første laksen vart slakta i slutten av 2020, men selskapet har enno ikkje oppnådd lønnsemd i drifta

Anlegget til Fredrikstad Seafood er det første kommersielle anlegget på land i Noreg med laks i tankane, men det er berre nokre veker til det børsnoterte selskapet Salmon Evolution set ut dei første laksane i sitt anlegg på Harøya på Sunnmøre.

(©NPK)

Podium

E6/S1 Ingegjerd Eidsvik og Håkon André Berg om landbasert oppdrett

Publisert: 07.02.2022 15:08

Sist oppdatert: 07.02.2022 15:19

Mer om