Adjø solidaritet?
Meir forståing frå LO-leiaren vil nok bli sett pris på av arbeidarar som opplever at arbeidsplassane blir utrygge grunna skattepolitikken.
ANALYSE:
Tittelen på denne kommentarartikkelen viser til Wam og Vennerød sin film frå 1980-talet om korleis opprørske 68-arar sviktar sine ideal når dei kjem til velstand og makt i vaksen alder.
Sjølv om ein rekke kommentatorar har påpeika avstanden mellom LO-leiar Peggy Hessen Følsvik sin økonomiske status og dei fagorganiserte ho representerer, skal ikkje underteikna skulde henne for det same.
Følsvik er tvert i mot ei av dei mest tydelege forsvararane av ei omfordeling av pengar frå dei rikaste til dei som har mindre å rutte med her til lands. Det er også jobben hennar som leiar for kring éin million arbeidstakarar, der mange no opplever at det blir meir vanskeleg å få endane til å møtast.
Det omstridde VG-sitatet om å «ta dei rike» er mellom det som har provosert mange arbeidsgivarar. At det viser seg at LO-leiaren aldri faktisk sa akkurat det – men at det var eit konstruert sitat frå avisa - er eit godt døme på korleis media må ta sin del av skulda for polariseringa som oppstår mellom partane i arbeidslivet.
Overdrive konfliktorientert journalistikk skaper lite rom for ein opplyst offentleg debatt - der det også kan vere rom for å erkjenne feil. I staden sender den ofte diskusjonspartane i skyttargravene – og stenger døra for debatt om alternative løysingar.
LO har likevel stått skulder til skulder med Ap-Sp-regjeringa når mellom anna formuesskatt, utbytteskatt og arbeidsgivaravgift for høgtlønte er blitt auka dei siste åra.
Argumentet er at pengane trengst til å finansiere fellesutgifter heile befolkninga – og at norsk næringsliv går så godt at dei har pengar til å vere med å betale meir av spleiselaget.
Resultatet har vore skarp kritikk frå store delar av næringslivet om korleis skatteaukene treff dei.
Vartdal Plast-sjef Jan Endre Vartdal var tydeleg i eit intervju med NETT NO denne veka og fortalde at skattepolitikken no gjer det vanskeleg å drive berekraftig.
– Vi tek ut alt for mykje i forhold til å kva vi burde hatt til å handtere investeringsbehovet i bedrifta, sa han og frykta konsekvensane av skatteauken på sikt blir ei nedbygging av privat næringsliv.
NETT.NO sine resultatsaker dei siste to åra har vist at ein rekke bedrifter tek ut rekordhøge utbytter.
For dei kring halvparten av dei Vartdal-tilsette som er organisert i Fellesforbundet i LO, må det vere merkeleg å oppleve svaret til LO-leiaren når ho blir spurt om korleis ho ser på den utviklinga.
«Enhver krone som tas inn i skatt kunne i prinsippet vært brukt på en annen måte – det gjelder også den skatten du og jeg betaler. Skatt er likevel nødvendig for å finansiere våre felles utgifter til infrastruktur, velferdsordninger, pensjoner, helsevesen og utdanning av befolkningen», er svaret frå Følsvik til NETT NO.
Underteikna har vanskeleg for å sjå korleis svaret skal vere opplysande for korleis LO-leiaren ser på problemstillinga med at bedrifter over heile landet blir tappa for kapital.
Dei Vartdal-tilsette – og andre arbeidstakarar i same båt – ville nok kjent seg tryggare om Følsvik i det minste erkjente utfordringa arbeidsgivarane deira står ovanfor.
Fleire har peika på det er stor skilnad på korleis folk langs kysten av Vestlandet ser på verdiskaping, samanlikna med dei som veks opp på Austlandet. Som sunnmøring er det ikkje ei orsak LO-leiaren kan nytte seg av.
«Kollisjon mellom tankesett» skreiv NETT NO i ei analyse i fjor, om skilnaden mellom å ville ta overskot frå næringslivet til statskassa for omfordeling – eller å satse på at det kjem fellesskapet til gode ved at bedriftseigarane får styre pengane sjølv.
At Møre og Romsdal er eit «annleisfylke» med tradisjon for å fostre fram entreprenørar og gründerar, forklarar mykje av kvifor mange på Nordvestlandet ser ulikt på næringslivet si rolle i samfunnsutviklinga. Det er ikkje tilfeldig at Aksjonen for Norsk Eigarskap blei starta på Sunnmøre.
Kritikken på Nordvestlandet til skatteaukene frå Støre-regjeringa, strekk seg langt inn i regjeringspartia. Ørsta-ordførar Stein Aam og Stranda-kollega Jan Ove Tryggestad har vore tydeleg om kva dei meinar. Endatil Arbeidarpartiet sin næringspolitiske talsperson, Per Vidar Kjølmoen - frå Rauma - har vore skeptisk til korleis formuesskatten slår ut.
Meiningane blir delt av mange langs kysten av det som blir sett på som grisgrendte strøk - men som framleis er eksportmeistrane mellom fastlandsindustrien her til lands.
Dei har opplevd korleis hjørnesteinsbedrifter - som ofte har vore avgjerande for at folk bur i bygda i utgangspunktet - bidreg til å bygge idrettsanlegg og andre godar. Slikt gjer ofte lokale bedriftseigarar i meir sentrale strøk også, men det er meir vanskeleg å få auge på.
På små plassar langs kysten er det samtidig mindre motsetningar mellom bedriftseigarar og tilsette. Det har sett at dei har vore avhengig av kvarandre.
I dag er det blitt færre av den tradisjonelle industriarbeidaren som tidlegare LO-leiarar har representert. I staden veks talet på offentleg tilsette og endrar tyngdepunktet i veljarmassane.
Det er dårleg nytt for vestlendingar som vil overtyde resten av landet om at det er smart å satse på næringslivet for å «bake ei større kake» til fordeling til alle.
E21/S4 Gapet mellom politikk og sunnmørsk næringsliv - kva kan gjerast?
E19/S3 Kven skal bygge distrikta om kapitalen vert pressa ut av landet?
Publisert: 27.08.2023 05:00
Sist oppdatert: 27.08.2023 18:43