Sandfang og spyling 1 Norva24 foto Norva24
NEST STØRST OG STØRST: Trass fall i aksjekursen år er Norva24, med opphav og hovudkontoradresse i Stryn, det neste største børsnoterte selskapet på Nordvestlandet målt i børsverdi. Målt etter driftsinntekt er det størst og berre Sparebanken Møre har høgare overskot i kroner så langt i år. Foto: Norva24
Nytt

Milliardverdiar fordampa på børsen

5,1 milliardar kroner i verdifall for børsnoterte selskap på Nordvestlandet i år.

03.12.2023

Berre fem av 15 selskap med overskot i årets ni første månadar, og berre fire med positiv kursutvikling så langt i år. Det børsnoterte selskapa skil seg frå gjennomsnittsbedrifta på Nordvestlandet.

I løpet av 2022 fall den samla verdien av dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet med 6,1 milliardar kroner i 2022.

Den negative kursutviklinga har halde fram i år.

Så langt i år er verdifallet 5,1 milliardar kroner. Då er også verdiutviklinga for Nortel rekna med. Mobiltelefoniselskapet Nortel i Ålesund var verdsett til 417 millionar kroner ved inngangen til 2022 og vart verdsett til 517 millionar då det vart kjøpt av konkurrenten Unifon og tatt av børs i haust.

Hittil i år har hovudindeksen på Oslo Børs stige 9,7 prosent, så den omfattande børsnedturen på Nordvestlandet er knytt til utviklinga for dei konkrete selskapa og bransjane dei er i, og ikkje til ein generell børsnedtur.

Størst minus hos Havila Kystruten
Sparebanken Møre, Havila Shipping, Norva24 og Hav Group er selskapa med overskot (sjå tabell). Men det samla overskotet til dei fire er ikkje stort nok til å vege opp for minusresultatet hos resten.

Størst minusresultat er det i gods-og passasjertrafikkreiarlaget Havila Kystruten, hydrogentank-produsenten Hexagon Purus, marine ingrediensar-produsenten Hofseth Biocare og det landbaserte oppdrettselskapet Salmon Evolution.

Først i september i år fekk Havila Kystruten alle sine fire skip i trafikk, etter ei neste endelaus rekkje med negative overraskingar som både forseinka og fordyra lanseringa av konkurrenten til Hurtigruten på passasjer- og godsruta mellom Bergen og Kirkenes. Aksjekursen har falle over 92 prosent i år, mellom anna fordi selskapet måtte hente inn meir pengar til langt under aksjekursen før kapitalutviding. Det er det største fallet av selskapa på Nordvestlandet.

No skal alt vere på plass, og ut frå det selskapet seier bør det vise att i betra lønsemd alt når tala for 4. kvartal 2023 kjem ut på vinteren neste år.

Kurskollaps i landbasert oppdrett
Etter Havila Kystruten er det aksjonærane i Atlantic Sapphire som er har hatt den verste kursutvikling i år, ned neste 83 prosent sidan årskiftet.

Medan Salmon Evolution er i rute med produksjon, utbygging og planane for eit andre byggesteg er Atlantic Sapphire på etterskot, også med produksjonen i første byggesteg av anlegget. Begge selskapa driv landbasert oppdrett, Salmon Evolution i Indre Harøy i Romsdal, Atlantic Sapphire i Miami i USA.

Børsnotert selskap på Nordvestlandet
Etter årets ni første månadar
Driftsinntekt Resultat før skatt Kursendring i prosent Verdi i mill. Kroner
2023 2022 2023 2022 Hittil i år pr. 1/12-23
Hexagon Composites* 3749,4

3027,0

2049,7 309,0 25,87 % 5323
Norva 24 Group 2296,2 1746,9 210,3 169,6 -32,88 % 4046
Sparebanken Møre 1618 1222 937 697 -9,46 % 3777
Hexagon Purus 954 592 -504 -308 -54,3 % 2619
Salmon Evolution 79,6 19,3 -94,9 -26,2 -25,15 % 2562
Endúr 1450,6 1842,2 -10,1 12,6 18,59 % 1333
Hofseth Biocare 171,1 86,8 -99,2 -137,4 -14,89 % 1106
Atlantic Sapphire* -82,99 % 1009
Havila Kystruten 514,8 134,4 -612,7 -109,5 -92,04 % 740
Golden Energy Offshore Services 130,6 112,9 -53,4 -49,6 -0,95 % 626
Hav Group 503,6 495,6 26,8 22,3 12,94 % 336
Eqva (tidl. Havyard Group) 579,2 261,6 -21,5 -39,4 10,54 % 234
Arctic Bioscience 141,9 -31,2 -28,7 -22,2 -23,73 % 228
Statt Torsk 93 12,2 -83,8 -27,6 -53,16 % 168
Havila Shipping 757 652,6 141,9 -31,2 -50,32 % 146
SUM 13039,0 10174,3 1857,4 -158,6 24253
*Hexagon Compositets reduserte eigarandelen sin i Hexagon Purus til under 50 prosent i 2023. Det gav ein positiv bokført effekt som er hovudforklaringa på overskotet.
**Offentlegjer ikkje rekneskap pr. 3. kvartal
Tabellen er endra 4. desember. I den opphavlege tabell hadde vi bruk 3. kvartalstala til Hexagon Composites

Dei to anlegga har ulik teknologi, men truleg legg vanskane til Atlantic Sapphire ein dempar på aksjekursen til Salmon Evolution. Dess lenger tid det går utan produksjonsproblem for Salmon Evolution dess mindre blir den negative effekten frå Atlantic Sapphire.

Atlantic Sapphire har henta pengar i tre omgangar i år, og den tidlegare toppsjefen og medgrunnleggaren Johan E. Andreassen er blant dei som er kraftig utvatna, noko også Golden Energy Offshore Services-sjef Per Ivar Fagervoll har opplevd.

Publisert: 03.12.2023 05:00

Sist oppdatert: 04.12.2023 12:11