Ålesund sentrum 11
STERKAST VEKST: Sjølv om det store bildet viser ein framleis svak folketalsutvikling i Møre og Romsdal, inneheld årets fylkesstatistikk fleire lyspunkt. Ålesund var den kommunen i Møre og Romsdal som hadde største vekst i folketalet i fjor. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Tala viser at flyttegapet blir tetta

Årets fylkesstatistikk inneheld ei supergod nyheit. Dessverre kan den vere for god til å vere sann.

Marius Rosbach
13.11.2022

Analyse: Statistikk skaper gjerne ikkje dei største overskriftene i avisene. Endringane skjer gjerne langsamt over tid, slik at det knapt er merkbart frå år til år.

I fylkesstatistikken for Møre og Romsdal dei siste åra har det likevel skjedd noko som det er all grunn til å bite seg merke i.

Fylket har i ei årrekke hatt eit underskott på innanlands flytting på pluss-minus 1000 personar. Med andre ord flyttar det fleire ut av fylket, enn det flyttar inn til Møre og Romsdal frå andre fylker.

I årets statistikk er underskotet for andre gong nede på drygt 600 personar, eller 631 for å vere nøyaktig.

Det er snakk om ein kraftig reduksjon frå kring 1000 personar, som var nivået fram til 2019 – til nær 400 færre i 2020 og 2021. I prosent dreiar det seg om ein reduksjon i «flyttegapet» på meir enn 35 prosent.

I eit fylke der store delar er prega av fråflytting og forgubbing, burde ei slik endring vere forsidestoff. I staden enda den opp med ei setning frå fylkesplansjef Ingunn Bekken Sjåholm då fylkeskommunen sende ut ei pressemelding om saka.

- Kor stabilt er dette? Er det uttrykk for ein langvarig tendens, spurte ho under presentasjonen for fylkestinget i oktober. Det viser seg at fylkesplansjefen hadde god grunn til å stille spørsmål ved tala.

At statistikk ikkje blir til overskrifter, har ikkje berre å gjere med at den kan vere litt tørr og kjedeleg. Den kan også vere feil.

Ein telefon til fagleiar Trygve Grydeland i Møre og Romsdal fylkeskommune stadfestar at nyheita rett og slett kan vere for god til å vere sann. Utan å gå i detalj mistenker dei at det er skjedd ei endring i korleis innvandrarar sin flytting blir registert under pandemien – og at det kan ha gitt utslag.

Difor har heller ikkje teamet for statistikk, analyse og kart på fylkeshuset i Molde «heist flagget til topps», som han seier. Førebels har dei bedt om meir informasjon om grunnlaget for tala, og der står saka.

Heilt sidan underteikna starta å jobbe som journalist på Nordvestlandet for meir enn 15 år sidan, har fråflytting vore eit tema som har gått igjen i avisspaltene.

I dag handler det meir enn nokon gong om meir enn å få fleire unge til å bli buande, eller flytte tilbake. Regionen må óg klare å lokke til seg folk frå andre kantar av landet.

Det store bildet er at Møre og Romsdal framleis har ei utfordring av formidable dimensjonar. Folketalet har berre hatt marginal vekst dei siste åra og prognosene viser at fylket vil ha færre personar i yrkesaktiv alder framover.

Allereie har 60 prosent av bedriftene og 70 prosent av kommunane vanskar med å rekruttere kvalifiserte folk. SSB har samtidig nedjustert vekstraten for fylket fram til 2037 med 35.000 personar – om lag like mange som i Ålesund by.

Innvandringa av folk frå utlandet har vore avgjerande for folketalsutvikling i Møre og Romsdal dei siste tiåra. Innvandrarar har dei siste 20 åra gått frå å utgjere drygt tre prosent, til kring13 prosent av befolkninga.

Under pandemien har det - som ein kunne vente - innvandra langt færre enn tidlegare. Samtidig er det mange av desse som flyttar vidare til andre delar av landet.

Etter eit par år med redusert flytteunderskot for dei i alderen 20-29 år, auker
dette i årets tal. Med andre ord flyttar fleire unge til andre stader
for utdanning eller jobb, enn under pandemien. Det er også som ein kunne vente.

Uansett om den gode nyheita om flyttegapet ikkje viser seg å vere reell, er det grunn til å gle seg over andre koronakonsekvensar i statistikken.

Truleg er pandemien årsaka at fødselstala i 2021 var dei høgaste sidan 2017. Saman med Rogaland var Møre og Romsdal det fylket i landet med flest fødslar per kvinne.

Ein anna ting ein kan håpe på, er at bølga med digitalisering under pandemien fører til at fleire vaksne flyttar heim igjen – og tek med seg jobben.

Tala viser også ei slik positiv utvikling for aldersgruppa 30 til 39 år med eit innanlandsk flytteoverskot, som bygger opp under dette. Statistikken seier at situasjonen er betre enn på fleire år.

Det samsvarar med kva Skaparhuset og Ulstein næringsforum opplevde då dei skulle kartlegge kven som var aktuelle for å bruke det nye «cowork på bygda»-tilbodet.

– Vi har etter kvart også ganske mange i lokalmiljøet som jobbar på heimekontor for selskap som held til i Oslo, eller Bergen. I samband med Covid opplevde fleire at det var betre at folka deira flytta heim, enn at dei slutta, fortalde Kjersti Kleven.

Uansett om slike trekk er varige eller ikkje, så er kvart slikt lyspunkt verdt å ta med seg i kampen mot sentraliseringa, som av og til kan verke fånyttes. Det viser at det faktisk er muleg å endre folk sine vanar.

Les fylkesstatistikk for Møre og Romsdal 2022 (ekstern lenke)

Publisert: 13.11.2022 05:00

Sist oppdatert: 21.11.2022 00:44

Mer om