Varehandel innfelt jan rune hurlen foto marius ogne 11
KAN VERE UTSETT: Delar av varehandelen har hatt ein oppsving under pandemien. Banksjef Jan Rune Hurlen (innfelt) i Sparebank 1 SMN trur bransjen kan vere utsett framover i møte med folks dalande kjøpekraft. Foto: Marius Rosbach/Ogne Øyehaug
Nytt

Fleire og større konkursar

Ingen alarmerande utvikling, meiner banksjef. Likevel er han uroa for varehandel og leverandørindustri.

Marius Rosbach
02.12.2022

Konkursstatistikken i 2022 for Nordvestlandet viser ei betydeleg auke i talet på selskap som går overende samanlikna med i fjor.

Samtidig er det fleire større og meir etablerte selskap enn tidlegare, som blir ein del av statistikken.

– Vi ser at det er fleire større bedrifter som går konkurs, men det er likevel ikkje ein veldig klar og tydeleg trend, seier banksjef Jan Rune Hurlen i Sparebank 1 SMN til NETT NO.

Kristiansund-bedrifta Stranda Prolog er den desidert største konkursen på Nordvestlandet så langt i år. Industribedrifta som har vore oppe i meir enn 100 tilsette og omsette for meir enn 200 millionar i fjor, melde oppbod i september.

Storkonkurs i fiskeforedling
Målt etter omsetning er bemanningsselskapet Submet på Vatne og fleire byggfirma, dei neste på lista til Hurlen over dei største konkursane i fylket ved utløpet av tredje kvartal.

I vekene etterpå har konkursen i Atlantic Seafood på Moltustranda kome til.

Her skal 55 tilsette ikkje ha fått løn for fleire månader i haust. Møre og Romsdal tingrett opna førre veke konkurs i fiskeforedlingsbedrifta etter krav frå fleire tilsette.

Auke på 29 prosent frå i fjor
Ved utgangen av november var det opna konkurs i 153 selskap i Møre og Romsdal og Nordfjord-kommunane Kinn, Stryn, Stad og Gloppen i løpet av 2022.

Det er 29 prosent fleire enn på same tid i fjor. Samanlikna med det første pandemiåret 2020, er det likevel ein nedgang på knappe åtte prosent.

No ser vi ein perfekt storm med statsbudsjettet ,Ukraina-krigen og etterdønningane frå pandemien
Jan Rune Hurlen
For temmeleg nøyaktig eitt år sidan spådde banksjef Hurlen at vi ville sjå ein auke – men ingen tsunami i konkurstala. Difor er det fristande å spørje kva han ser føre seg for det komande året.

– Det var lettare å seie noko om utviklinga i fjor, for då visste vi mykje av årsaka til at konkurstala var låge.

– No ser vi ein perfekt storm med statsbudsjettet ,Ukraina-krigen og etterdønningane frå pandemien, seier han.

Hurlen trur uansett at eit fellestrekk vil vere at bedrifter som er avhengige av logistikkkjeder og leveransar langvegsfrå, vil møte utfordringar.

Atlantic Seafood Moltu
MOLTUSTRANDA: Fiskeforedlingsbedrifta Atlantic Seafood i Herøy er mellom dei største konkursane på Sunnmøre i år, når det kjem til antall tilsette som er råka. Foto: Kjetil Haanes

«Koronaamnesti» og krisehjelp hjalp
Det lengre perspektivet gjer at banksjefen likevel ikkje er veldig uroleg for utviklinga.

Ei viktig årsak til tala var kunstig låge under pandemien – og at vi no ser ein auke, er at skatteetaten let vere å følgje opp krav dei hadde liggande.

– Støtta frå styresmaktene gjorde også at vi hadde låge konkurstal i fjor. Det var til eksempel tydeleg på restaurantsida. Historisk har bransjen vore høgt på statistikken, men har vel aldri sett så få konkursar som under pandemien, seier Hurlen.

Fleire serveringsbedrifter over ende
Utover året har likevel talet på serveringsbedrifter som går konkurs auka. Så langt i år er det 16 bedrifter i bransjen som har kasta inn handkleet i Møre og Romsdal.

Det plasserer bransjen på 3. plass over dei hardast råka næringane.

Fugl Fønix i Ørsta var mellom spiseplassane som gjekk over ende, men i kjølvatnet er det her starta opp ny drift med Tik Cafe og Restaurant.

Bygg- og anlegg verst råka
Standal Bygg som gjekk konkurs tidlegare i veka, var konkurs nummer 34 innan bygg- og anlegg i Møre og Romsdal så langt i år.

Bransjen har vore på toppen av konkursstatistikken gjennom heile året, og står for drygt 25 prosent av alle konkursane i fylket.

– Vi ser at bygg- og anlegg er utsett no. Også er vi veldig spente på varehandel og det som skjer der, seier Hurlen.

Trur varehandel er utsett
Så langt i år er varehandel på 2. plass over dei verst råka bransjane i Møre og Romsdal med 20 konkursar.

Etter ein salsboom for mange butikkar under pandemien, trur banksjefen at denne delen av næringslivet kan vere utsett.

– Det er enorme summar som vil bli trekt inn i auke skatter. Det gjer at mykje av kontantane til folk forsvinn, og det vil utan tvil få konsekvensar for handelen, seier Hurlen.

Bråstopp for oppdrettsleverandører
Auke rentekostnader, inflasjon og reduserte investeringar hos bedrifter, er andre ting som vil slå ut framover.

– Vi ser også veldig spent på utviklinga i leverandørindustrien kring havbruk, om ting held fram som no, seier Hurlen.

Framveksten av klynga som leverer til oppdrettsbransjen, har vore trekt fram som ei positiv motvekt for regionen i ei periode då verftsindustrien har hatt tøffe tider.

Etter at forslaget frå regjeringa om grunnrenteskatt på oppdrett blei lagt fram, har mykje endra seg. Selskapa har sett aksjeverdiar for titals milliardar fordufte, og kontraktar for minst eit tilsvarande beløp er lagt på is.

– Etter at statsbudsjettet blei lagt fram, er det bråstopp, er den førebelse konklusjonen frå banksjefen.

Publisert: 02.12.2022 11:49

Sist oppdatert: 03.01.2023 10:17

Mer om