Atea Community 2022 Kjell Inge Tomren NTNU Jan Nybø Atea foto marius 11
ÅLESUND: Jan Nybø (t.v.) i Atea Ålesund kunne forrige uke invitere til større it-miljø fra regionen til Atea Community 2022. Der kunne NTNU-lektor Kjell Inge Tomren blant annet fortelle at de opplever gode søkertal og flinkare studentar på it-utdanninga. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Meiner regionen er meir rusta i kampen om it-talenta

Atea-sjefen i nordvest er ikkje redd for at studentane reiser ut i verda – og trur regionen klarer å lokke dei tilbake.

Marius Rosbach
04.11.2022

Kampen om dei flinkaste it- og teknologifolka har blitt tøffare. Avdelingsleiar Jan Nybø for Atea i Møre og Romsdal trur den veksande tech-klynga i regionen er ein styrke i konkurransen.

– Vi veks, konkurrentane våre veks og samtidig kjem det nye selskap inn som også vil vekse i vår region. Det er positivt å få mange selskap som tilbyr gode arbeidsplassar, seier han til NETT NO.

Atea er mellom dei største it-miljøa på Nordvestlandet. Konsernet er kring 60 tilsette i Møre og Romsdal med avdelingar i Ålesund, Fosnavåg og Kristiansund.

– Å bygge fleire sterke it-miljø vil gjere oss meir rusta til å gå inn i den dataverda vi går inn i. Det blir meir og meir viktig, og vi vil trenge folk innan ulike områder, legg Nybø til.

NTNU-samarbeid med bedriftene
Universitetslektor Kjell Inge Tomren ved NTNU i Ålesund er samd med Atea-sjefen i at regionen har fått eit breiare miljø med tech-selskap dei siste åra.

– Vi opplever mykje av det same og forsøker å heile tida samarbeide med næringslivet mellom anna med gjesteforelesere. Studentane som jobbar med bacheloroppgåver har óg stort sett problemstillingane sine frå bedriftene rundt oss, fortel han.

Utplassering i bedriftene nokre dagar i veka, har også vorte populært mellom studentane dei siste åra.

Atea Community 2022 NMK foto Marius
MØTEPLASS: Under Atea Community 2022 i Ålesund førre veke, fekk it-bransjen lokalt mellom anna møte dei største aktørane i næringa på NMK i Ålesund. Foto: Marius Rosbach
Opplevar at studentane er flinkare enn før
Tomren fortel at dei på dataingeniørutdanninga på NTNU opplever god tilgang på søkjarar – og at studentane jamt over er flinkare enn før.

– Det ser ut til at vi har ei jamn auke på kvalitet og at fleire studentar gjennomfører på normert tid, fortel universitetslektoren.

Han påpeiker at det ikkje er systematisk undersøkt, men meiner at endringa er ein effekt at høgskulen kom innunder NTNU-paraplyen i 2016.

Trur unge har godt av å reise ut
Atea-sjef i Møre og Romsdal, Jan Nybø, er ikkje redd for at unge reiser vekk frå regionen for å ta utdanning og trur dei fleste har godt av å «kome seg ut i verda».

– Det aller viktigaste er at vi klarer å hente dei tilbake når dei er komne i den fasen at dei skal etablere seg, seier han.

Då kjem dei med erfaringar og impulsar frå verda, og gjerne ein partnar på flyttelasset som også skal ha jobb, påpeiker han.

Meiner det er sunt med konkurranse
At det et konkurranse om dei beste hodene i bransjen er slik det vil vere, meiner Nybø. Han trur det er sunt at folk innimellom skiftar arbeidsgivar.

Han peiker på situasjonen i den maritime industrien der det har vore sterk konkurranse i mange år, og der folk har hoppa mellom ulike bedrifter.

– Men vi i Atea har ikkje greidd å vore nok aktive til å hente dei unge rett ut frå utdanningsinstitusjonane. Det blir ein viktig prioritering framover, for å vise at vi er ein av regionens mest attraktive arbeidsplassar, erkjenner han.

Henter inspirasjon frå kvarandre
Truleg må dei legge seg i selen framover ettersom prognosane viser at tilgangen på rett kompetanse truleg vil forverre seg for bransjen i åra som kjem.

Nybø peiker på det lokale nettverket Nextdigital som eit godt verktøy, der lokale bedrifter kan møtast for å jobbe med slike felles utfordringar.

– Det er eit mljø der vi samarbeider på kryss av selskap og ønsker å hente inspirasjon frå kvarandre. Men i eit slikt miljø er det også naturleg at nokre personar flyttar på seg. Det handlar om å bygge kunnskap, og det skal vi ikkje vere redd for, legg han til.

Publisert: 04.11.2022 05:00

Sist oppdatert: 04.11.2022 07:34