Hilde Anita Furland Frostad elisabeth blomvik marita stadnes foto bankene 11
VIKTIG MED BUFFER: Å opparbeide seg ha ein buffer for uføresette utgifter er framleis «superrådet» frå bankane for dei med stram økonomi. Hilde Anita Furland Frostad i Ørskog Sparebank (t.v.), Elisabeth Blomvik (midten) i Sparebanken Møre og Marita Stadsnes i Sparebank 1 SMN har også fleire råd for privatøkonomien. Foto: Ørskog Sparebank/Sparebanken Møre/Sparebank 1 SMN.
Nytt

Om å gjere å ha is i magen

Bankane merkar auka interesse for å binde bustadrenta - og på eitt område er det meir å spare enn nokon gong på privat forbruk.

Marius Rosbach
17.04.2022

I ei tid då «alt» blir dyrare vil mange ha nytte av å sjå kritisk på eige forbruk.

For andre er det meir aktuelt å sjå på korleis ein skal forvalte verdiar ein har opparbeida seg etter ein pandemiperiode med gode tider og vekst i aksjefond.

Hilde Anita Furland Frostad som leiar personmarknaden i Ørskog Sparebank, påpeiker at det naturleg nok avhenger av kvar ein står når det gjeld kva grep som kan være smart å gjere for eige lommebok.

– For folk flest utan ein konto med masse pengar, så er det på matbudsjettet det er absolutt mest å hente, fortel Frostad.

Mykje å spare på matbudsjettet
Med aukande matvareprisar er det også meir å hente enn nokon gong på denne budsjettposten i privatøkonomien. Innføring av vekemeny og reduksjon av matsvinn, gjerne i kombinasjon med bevisst forbruk av sesongbaserte – ofte kortreiste - varer, er nokre av hennar råd.

– Det ligg mykje bærekraft i å vere økonomisk fornuftig i matvegen. Og det merkast umiddelbart, legg Frostad til.

Regionbanksjef Marita Stadsnes i Sparebank 1 SMN trekk også fram matbudsjettet som ein post å sjå på.

– Gjennom koronapandemien har vi også sett ei auka interesse for å dyrke eige mat og busette seg meir landleg. Kanskje er vi blitt meir bevisst på utgiftene våre etter å ha levd godt i mange år, fortel Stadsnes.

Å redusere utgifter til energi med straumstyring, investering i solceller – der Enova har lansert nye ordningar – eller sjekke varmetap og tilstanden til bustaden, er andre naturlege områder å sjå på.

Kva grep ein kan gjere, er naturleg nok avhengig av storleiken på lommeboka.

Vi merkar at det har vore auka etterspurnad og fleire spørsmål kring fastrente
Marita Stadsnes

Auka etterspurnad etter fastrente
Rente er eit anna område mange vil merke på lommeboka. Fleire vil få auka dei årlege renteutgiftene sine med fleire titusen kroner dei neste åra.

Ingen av bankane NETT NO snakkar med merkar eit rush at kunder som vil binde renta. Men interessa er klart større.

– Vi merkar at det har vore auka etterspurnad og fleire spørsmål kring fastrente, fortel Stadsnes.

Fasterente, eller ikkje? Dette bør du tenke over

Sjølv om fleire enn før spør bankane om fastrente for bustadlånet, er det moderat auke av dei som går for å binde seg.

Det generelle rådet til Elisabeth Blomvik i Sparebanken Møre er at du ikkje skal binde renta, om målet er å spare pengar.

Om du derimot vil sikre deg mot høg rente, bør ein heilt klar vurdere fastrente, er rådet hennar. Dei som har ein stram økonomi i dag, bør definitivt vurdere å binde renta på heile, eller delar av bustadlånet.

Om ein binder renta på delar av lånet, er det også mogleg å be om avdragsfriheit på fasterentelånet – og i staden betale meir avdrag på den delen av lånet som har flytande rente. Banken kan også innvilge avdragsfriheit på delen med flytande rente, om det skjer noko spesielt.

– Å ha ein føreseieleg økonomi er viktig og er ein usikker på kor mykje ein tåler, så er det smart å ta ein prat med rådgjevaren sin i banken, seier Blomvik.

Det same fortel Elisabeth Blomvik som leiar personmarknaden i Sparebanken Møre. Men auka etterspurnad er ikkje det same som at mange vil binde seg.

– Når renta er låg, kan det vere lite fristande, men samtidig er det gjerne slike tidpsunkt ein bør gjere det. Vi utfordrar gjerne kundane våre på det, fortel Blomvik.

Større økonomiske forskjellar
Alle dei tre regionale bankane har opplevd auka sparing under pandemien. Og det generelle bildet, er at mange har romsleg økonomi. Blomvik i Sparebanken Møre ser ingen tendens til at spareevna – og viljen – går nedover.

– Veksten i innskot er framleis høgare enn eit normalår. Vi trudde kanskje at den ville flate ut, men det har ikkje skjedd. Ei utfordring framover blir truleg større økonomiske forskjellar mellom dei som har svak økonomi og dei som kanskje berre treng å kutte litt i feriebudsjettet, legg Blomvik til.

Også kollega Marita Stadsnes i Sparebank 1 SMN påpeiker at nokre grupper er utsett med auka prisnivå. Det gjeld spesielt einslege med låg inntekt, og som kanskje leiger bustad, i tillegg til ein del familiar i etableringsfasa med høg gjeld og store utgifter.

– Dei blir treft hardt av både straum, drivstoff og dyrare mat, fortel Stadsnes.

Bør følgje langsiktige spareplanar
Sidan børsane rista av seg det første pandemisjokket har mange som har investert i aksjefond opplevd ei «eventyrleg reise», fortel Hilde Anita Furland Frostad i Ørskog Sparebank.

Og sjølv om ingen veks til himmels, rår samtlege bankar om å ha is i magen trass urolege tider og nedgang i aksjemarknaden.

– Vi haldning til sparing i aksjefond, har heile vegen vore at ein skal lage ein langsiktig plan og halde seg til den. Ein bør ikkje gå ut og inn av marknaden på grunn av svingingar. Og Oslo børs hadde all time high seinast denne veka, avsluttar Frostad.

Publisert: 17.04.2022 04:59

Sist oppdatert: 16.04.2022 23:03

Mer om