Annonsørinnhold
Havbruk maerer hovedbilde
Brand stories

Kva konsekvensar får revidert statsbudsjett for næringslivet?

Fredric Holen Bjørdal ved advokatfirmaet Øverbø Gjørtz gir deg her ein oversikt over kva konsekvensar det reviderte statsbudsjettet får for næringslivet.

16.05.2022

Regjeringa har lagt fram sitt forslag til revidert nasjonalbudsjett (RNB) for 2022. Revideringa inneber normalt både nokre nye forslag frå regjeringa, og justering av kurs midtvegs i året. Dette er også tilfelle i 2022.

Regjeringa trekk fram behovet for trygg økonomisk styring, og å unngå for høg offentleg pengebruk i ein situasjon med stor aktivitet i økonomien. Det er viktig for næringslivet å unngå at finanspolitikken stimulerer til for høg fart i økonomien, på grunn av risikoen for kraftige tilbakeslag seinare. Derfor er det positivt at regjeringa har funne inndekning for oljepengebruken, slik at denne vert noko lågare enn tidlegare antatt. Samtidig er det ingen tvil om at oljepengebruken samla sett er svært høg, og det kan tenkast at pengebruken kan føre til raskare renteheving enn Norges Bank har sett føre seg.

Fiskeri og havbruk
I budsjettet ligg det pengar til ei satsing på vindkraft og havbruk til havs, med ti millionar kroner til forsking på feltet. Det blir også foreslått ei ny tilskotsordning for fiskebåtar under 15 meter, på kroner 7 000 per fartøy, til å dekke kostnadar til rapporteringsutstyr.

Olje og energi
Regjeringa foreslår ei løyving på 65 millionar kroner til kartlegging av havbotnen til havvind-undersøkingar. Målet med undersøkingane er å gje informasjon om djupne og havbotn for å ha grunnlag til å velje plassering av vindkraftverka innanfor utlysingsområda. Regjeringa varslar samtidig ei kraftig satsing på havvind i åra som kjem.

Næring og handel
Overgangsordninga med midlertidig deklareringsunntak for varer med verdi under 350 kroner blir avvikla, seinast i løpet av 2023. Dette blir oppfatta som positivt for norske bedrifter og arbeidsplassar, sidan unntaket utgjer ein konkurranseulempe for norske bedrifter. Framover skal derfor varer kjøpt frå utanlandske nettbutikkar få same avgift som varer kjøpt i norske butikkar.

Skatt og avgift
Det er ikkje store endringar på skatt- og avgiftsfeltet. Vi kan merke oss at mva-fritaket for elbilar blir avvikla frå nyttår, og erstatta med ei tilskotsordning. Det er positivt at endringa ikkje skjer midtvegs i året, slik at bilbransjen og forbrukarane får tid til å omstille seg. Det vert vidare innført ei harmonisering av skattesatsen på den statlege formuesskatten, noko som vil innebere at upersonlege skattytarar får auka sats frå 0,15 prosent til 0,25 prosent. Vidare vert det varsla høyring om eit lovforslag for å hindre uheldige sider av eigedomsskatt på grunn under kraftlinjer.

Vi kan òg merke oss at naprapatar og osteopatar får utsett iverksetjing av mva-plikt til 1. januar 2023. Vidare registrerer vi at havbruksnæringa sitt krav om utsetjing av skatten på eldre havbruksløyve frå før 1998 ikkje har blitt følgt opp av regjeringa. Denne skatten held fram slik det vart skissert i statsbudsjettet før jul.

Kultur
Her er det sentralt å merkje seg at det blir sett av 46,5 millionar kroner ekstra til momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg. Det blir dermed full momskompensasjon for alle godkjente søknadar levert innan fristen før jul.

Samferdsel
Det blir gratis ferje på samband med under 100 000 passasjerar årleg. Dette vil redusere kostnadane for næringslivet langs kysten. Vidare blir det lågare eingongsavgift på drosjer som er tilpassa rullestolbrukarar.

Andre næringsregulatoriske tiltak
Det vert foreslått å endre folkeregisterlova, då det ikkje lenger er høve til å krevje at personar som er omfatta av EØS-reglane om fri bevegelse skal leggje fram EØS-registreringsbevis eller opphaldskort for å bli registrert som busett i Noreg. Vidare blir det fremja endringar i skattebetalingslova, mellom anna om frist ved klage over pålegg og tvangsmulkt.

Vi kan òg merke oss at det blir lagt grunnlag for å innføre tolltiltak mot Russland. Til slutt kan det nemnast at det blir føreslått endringar i folketrygdlova, der karensperioden for arbeidsavklaringspengar blir oppheva og det blir etablert eit nytt arbeidsretta unntak frå maksimal stønadsperiode.

RNB skal no til behandling i Stortinget, der regjeringspartia må forhandle, fortrinnsvis med SV, om fleirtal. Det er venta at store delar av budsjettet vil gå gjennom slik det er føreslått, men at det vil skje endringar gjennom stortingsbehandlinga. RNB skal behandlast og vedtakast i løpet av mai/juni, før Stortinget tek plenumsfri for sommaren.

Har du spørsmål om næringsregulatoriske forhold og rammevilkår? Kontakt advokatfullmektig Fredric Holen Bjørdal. fhb@ovgj.no / tlf. 922 67 330

Innholdet i denne artikkelen er ikke laget av redaksjonen i NETT NO, men er betalt innhold laget på vegne av Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz på linje med andre annonser. Om du mener dette ikke er godt nok merket, gi oss gjerne beskjed på e-post, redaksjon@nett.no.

Publisert: 16.05.2022 08:41

Sist oppdatert: 19.05.2022 11:45

Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz

Som Nordvestlandets største advokatfirma bistår Øverbø Gjørtz næringsliv, privatpersoner og offentlig sektor med juridisk rådgivning og prosedyre på de fleste rettsområder. Den lange erfaringen i regionen gjør at vi har spesielt god kjennskap til det lokale næringslivet.

I dag er vi over 40 dyktige medarbeidere med ulik spisskompetanse. Kontorene våre finner du i Ålesund, Molde, Kristiansund og Ørsta.

www.ovgj.no

Facebook

Bedrifter/Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz

Flere brandstories fra Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz