Annonsørinnhold
Fjord1 Statsbudsjettet
Eit varsla kutt på nesten 200 millionar kroner til ferjedrift i Møre og Romsdal er skrinlagt i revidert nasjonalbudsjett. (Foto: Fjord1)
Brand stories

Revidert nasjonalbudsjett og næringslivet

Regjeringa Støre la torsdag 11. mai fram sitt reviderte nasjonalbudsjett for 2023. Dette budsjettet er ein revisjon/oppdatering av statsbudsjettet som vert lagt fram om hausten, og justerer kursen midtvegs i året. I tillegg er det kommuneval i år, og det var difor forventa at det skulle verte presentert ein del nye satsingar. Her gir advokat Fredric Holen Bjørdal deg nokre viktige punkt frå revidert statsbudsjett for næringslivet i vår region.

12.05.2023

Regjeringa føreslår å auke oljepengebruken med 56 milliardar kroner utover anslaget frå i haust. Dette inneber at uttaket frå oljefondet er heilt på grensa til kva handlingsregelen for oljepengebruk tillèt. Mange i næringslivet vil nok vere spørjande til at regjeringa vel å auke pengebruken framfor å kutte i offentlege utgifter for å unngå at pengebruken fyrer opp økonomien.

Likevel er ikkje dette eit budsjett som ein reknar med vil ha stor effekt på aktiviteten i fastlandsøkonomien, sjølv om det er noko usemje mellom økonomane nøyaktig korleis pengebruken vil påverke økonomien. Årsaka til at budsjettet ikkje vil stimulere økonomien så mykje som oljepengebruken isolert sett legg opp til, er ein kombinasjon av høgare utgifter på statsbudsjettet på grunn av prisvekst, samt at ein solid porsjon av dei ekstra milliardane skal nyttast i utlandet, til Ukraina-tiltak.

Om budsjettet vil påverke renteutsiktene er usikkert, men ein kan notere seg at det er eit noko meir ekspansivt budsjett enn Norges Bank har sett føre seg. Dersom budsjettet har ein effekt på renta er det truleg som eitt av fleire moment til støtte for å setje renta endå høgare.

Utset grunnrenteskatt på vind
For næringslivet er det denne gongen ikkje så mykje nytt å merke seg, bortsett frå eit noko rausare skatteregelverk for langpendlarar. Skatteframlegga frå i haust som har møtt motstand frå mange næringsaktørar vert oppretthaldne, det same gjeld den ekstra arbeidsgjevaravgifta på høgare inntekter. Grunnrenteskatt på havbruk held fram som før, men me kan merke oss at regjeringa utset grunnrenteskatt på vind. Denne forskjellsbehandlinga er noko overraskande, og vil verte gjenstand for diskusjon i tida framover.

Pausar skipstunnelen
Lokalt på Nordvestlandet vil mange legge merke til at regjeringa set bremsene på for Stad skipstunnel. Dette skuldast ein betydeleg kostnadsauke på prosjektet, og prosjektansvarleg Kystverket har fått i oppdrag å vurdere om prosjektet kan gjennomførast billegare. Ei oppdatering på dette kan me vente oss i statsbudsjettet for 2024, og fram til då vert prosjektet sett på pause.

Ferjedrift og vegar
På finansiering av ferjer er det positivt at eit varsla kutt på nesten 200 millionar kroner til ferjedrift i Møre og Romsdal vert skrinlagt. Om desse kuttforslaga vart vidareført, ville fylket risikert omfattande reduksjon i ferjetilbodet, med potensielle konsekvensar òg for skule- og kulturtilbodet i fylket på grunn av pengemangel. Dette slepp Møre og Romsdal fylkeskommune no å gjennomføre, men det kjem heller ikkje store friske midlar til vedlikehald og drift av ferjer og vegar. Det er venta at dei ekstra løyvingane til offentleg sektor vil kome Møre og Romsdal til gode gjennom meir pengar til sjukehus og kommunar, og budsjettet inneheld nokre satsingar på tenester og handel i distrikta.

Budsjettet går no til Stortinget for vidare handsaming og høyringar der, og skal vedtakast før Stortinget tek sommarferie. Regjeringspartia må her forhandle med SV for å få fleirtal, og det er forventa at det vil kome ei rekkje justeringar og nye tiltak i den samanheng. Då slike satsingar normalt må finansierast gjennom omprioriteringar på budsjettet, kan ein med SV sin klåre omfordelingsprofil ikkje utelukke at det i innspurten vil kome endringar med konsekvensar for næringslivet.

For spørsmål eller behov for detaljar om statsbudsjettet og budsjettprosessen på Stortinget, kontakt Fredric Holen Bjørdal på fhb@ovgj.no / tlf. 922 67 330

Innholdet i denne artikkelen er ikke laget av redaksjonen i NETT NO, men er betalt innhold laget på vegne av Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz på linje med andre annonser. Om du mener dette ikke er godt nok merket, gi oss gjerne beskjed på e-post, redaksjon@nett.no.

Publisert: 12.05.2023 13:07

Sist oppdatert: 12.05.2023 13:07

Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz

Som Nordvestlandets største advokatfirma bistår Øverbø Gjørtz næringsliv, privatpersoner og offentlig sektor med juridisk rådgivning og prosedyre på de fleste rettsområder. Den lange erfaringen i regionen gjør at vi har spesielt god kjennskap til det lokale næringslivet.

I dag er vi over 40 dyktige medarbeidere med ulik spisskompetanse. Kontorene våre finner du i Ålesund, Molde, Kristiansund og Ørsta.

www.ovgj.no

Facebook

Bedrifter/Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz

Flere brandstories fra Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz