Annonsørinnhold
Eitt steg nærare strengare krav til kjønnsbalanse
Brand stories

Eitt steg nærare strengare krav til kjønnsbalanse

– For dei store føretaka kan det vere gode grunnar til å tilpasse rekrutteringsarbeidet til styreverv allereie no, slik at overgangen vert så smidig som råd når lovendringane kjem, skriv spesialrådgjevar og advokatfullmektig Fredric Holen Bjørdal i denne artikkelen. Han har sett på høyringsinnspela etter regjeringas forslag til krav om kjønnsbalanse i næringslivet.

18.04.2023

I desember 2022 la regjeringa fram forslag til krav om kjønnsbalanse i næringslivet.

No er høyringsrunden overstått, og det er kome inn i alt inn 69 høyringsinnspel frå ulike organisasjonar. Fleire av organisasjonane som representerer næringslivet peikar på at kvotering til selskapsstyre har nokre problematiske sider, ikkje minst at det grip inn i styringsretten eigarane har over eigne selskap og investeringar. I tillegg er det byrdefullt for selskapa som må forhalde seg til nye reglar, og erfaringar med kvoteringsreglar frå ASA-styra kan tyde på at kvotering ikkje er tilstrekkeleg som verkemiddel åleine, men må kombinerast med andre tiltak.

Eit stykke att

Norsk næringsliv har i mange år jobba for god kjønnsbalanse i arbeidslivet, både innan ulike bransjar og i leiande posisjonar. Mangfald og likestilling er høgt på agendaen i bedrifter, ikkje minst av di det sikrar betre rekruttering, styrkjer arbeidsmiljøet og er viktig for omdømmet. Likevel er det eit stykke att til jamn kjønnsrepresentasjon særleg på leiingsnivå i næringslivet. Utolmodige politikarar har difor teke opp spørsmålet om regulering av kjønnsbalanse i leiinga av norske selskap i fleire omgangar. Det meste tyder derfor på at framlegget vil bli opprettheldt av regjeringa. Det ligg stor politisk vilje bak initiativet, høyringsnotatet er grundig og gjennomarbeidd, og regjeringa vil truleg få støtte i Stortinget frå fleire parti.

Sjølv om det er usikkert nøyaktig korleis lovframlegget vert, synest det klart at det er eit nytt kvoteringsregime på trappene, som får konsekvensar for aksjeselskap, ansvarlege selskap, stiftingar, bustadbyggelag og samverkeføretak. Høyringa har teke opp ei rekkje spørsmål det er viktig å avklare, særleg tersklane for kven som vert omfatta, samt selskapsrettslege konsekvensar av mangelfull regelverksetterleving. Det er ei forventning frå fleire av høyringsinstansane at innretninga må vere mest mogleg treffsikker, og ikkje innebere uforholdsmessige byrder og kostnadar.

Framlegg tidlegast til sommaren
Ein ventar no på at regjeringa skal legge fram for Stortinget eit framlegg som tek omsyn til dei mange høyringsinnspela. Eit slikt framlegg er tidlegast forventa til sommaren, og vil neppe verte handsama av dei folkevalde før til jul. Normalt kan ein då rekne med at lovendringane vil tre i kraft tidlegast sommaren 2024, og det er forventa at det vil bli innført overgangsordningar slik at næringslivet får høve til å tilpasse seg.

For dei store føretaka kan det likevel vere gode grunnar til å tilpasse rekrutteringsarbeidet til styreverv allereie no, slik at overgangen når lovendringane kjem vert så smidig som råd.

For spørsmål om detaljane i lovforslaget, og generell rådgjeving om regelverksetterleving i næringslivet, kontakt gjerne Fredric Holen Bjørdal på fhb@ovgj.no – eller ein av dei en andre advokatane våre – for ein uformell prat.

Innholdet i denne artikkelen er ikke laget av redaksjonen i NETT NO, men er betalt innhold laget på vegne av Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz på linje med andre annonser. Om du mener dette ikke er godt nok merket, gi oss gjerne beskjed på e-post, redaksjon@nett.no.

Publisert: 18.04.2023 08:52

Sist oppdatert: 18.04.2023 08:53

Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz

Som Nordvestlandets største advokatfirma bistår Øverbø Gjørtz næringsliv, privatpersoner og offentlig sektor med juridisk rådgivning og prosedyre på de fleste rettsområder. Den lange erfaringen i regionen gjør at vi har spesielt god kjennskap til det lokale næringslivet.

I dag er vi over 40 dyktige medarbeidere med ulik spisskompetanse. Kontorene våre finner du i Ålesund, Molde, Kristiansund og Ørsta.

www.ovgj.no

Facebook

Bedrifter/Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz

Flere brandstories fra Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz