Havila capella årets skp foto kjetil 11
PRIS: I takketalen for 'Next Generation Ship Award' oppmoda Havila Kystruten-sjef Bent Martini til mindre snakk og meir handling. Til venstre eigar Per Sævik og prisutdelar Knut Ørbeck-Nilssen, direktør for DNV Maritime. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Børsdagen: Opptur på fleire kantar

Kystruten fekk pris og kan finne europeisk løysing på «russarproblem». Eit anna Sævik-selskap er børsvinnar.

Marius Rosbach
04.04.2022

Måndag vart ein god dag på fleire vis for Sævik-familien sine to reiarlag på Oslo børs.

Allereie tidleg på dagen var det godt fart i oljeserviceaksjane, og Havila Shipping enda dagen med ein pen oppgang på 11,71 prosent. Det var mest av selskapa med adresse på Nordvestlandet.

Største tapar i nordvest måndag, blei Arctic Bioscience, med en nedgang på 6,98 prosent.

Med dagens oppgang er verdiauken på vel 18 prosent siste veka for Havila Shipping.

Årsaka til oppgangen er naturleg nok høg oljepris og utsikter til framleis høg etterspurnad etter olje. Ved børsslutt vart eit fat nordsjøolje oppe i 107,41 dollar fatet – ei auke på nær tre prosent.

Kjempeauke for Ålesund-reiarlag
Herøy-reiarlaget er likevel ikkje prisa til meir enn knappe 120 millionar kroner etter måndagens handel. Andre reiarlag har auka langt meir i løpet av året.

Dof har stege med meir 80 prosent i år. Det same har det andre børsnoterte oljeservicereiarlaget på Sunnmøre, Golden Energy Offshore. Aksjeverdien til Ålesund-reiarlaget enda også i pluss måndag.

Solstad Offshore-aksjen har auka enno meir, og hatt ei verdistigning på meir enn 200 prosent siste kvartal.

Pris og kursauke for kystruten
Også Havila Kystruten fekk ei hyggeleg oppleving på børsen med ei auke på 8,72 prosent.

Tidlegare på dagen mottok Per Sævik og kystrutensjef Bent Maritini «Next generation Ship Award» under Nor-Shipping i Oslo.

I førre veke fekk kystruten-reiarlaget ein nedtur med botnnotering nede på 16,40 kroner aksjen. Måndag var verdien ei krone høgre på 17,45.

Kan finne europeisk løysing
Viktigare for framtidsutsiktene kan det vere at Havila Kystruten kan øyne ein veg ut av problema med leasingkontrakten for kystruteskipa.

Etter det NETT NO har grunn til å tru, jobbar Havila Kystruten med alternativ europeisk finansiering, om avtalen frå GTLK ikkje vert fulgt opp.

Dei fire Havila Kystruten-skipa er finansierte gjennom dotterselskap til det statseigde russiske leasingselskapet GTLK. Skipa er bygde ved det tyrkiske Tersan-verftet, og det er spenning knytt til om långivaren vil betale ut skipet.

Publisert: 04.04.2022 16:37

Sist oppdatert: 04.04.2022 19:21

Mer om