Mest lest kollage 11
PÅ TOPP 10: Intervjuet med Hina Zahid (oppe t.v.), Flakk-familien si heimflytting av tekstilproduksjon (oppe t.h.), oppkjøpet til Leinebø-reiarane (nede t.v.) og generasjonsskifte i Strand-reiarlaga (nede t.h.) var mellom dei ti mest leste sakene på NETT NO i 2020. Foto: Marius Rosbach/Ogne Øyehaug/Kjetil Haanes/Leinebris
Nytt

Mest lest i 2022

Eigarskifter i fiskeri, generasjonsskifter og Flakk-satsing vekka stor interesse. Her er årets toppliste – ope for alle.

Marius Rosbach
01.01.2023

Maritime nyheiter har alltid vore mellom dei mest leste artiklane på NETT NO. Slik var det også i 2022, der kring halvparten av artiklane på topp 20-lista kjem innunder denne kategorien.

Sakene om generasjonsskifte i Strand-reiarlaga – og andre selskap, var mellom artiklane som vekka stor interesse.

Sjå dei 20 mest leste sakene under (ope for alle)

Men også andre stoffområde som intervjuet med siviløkonomen Hina Zahid – som jobbar deltid på McDonalds, Synnøve Sorthe si netthandelsuksess og samanslåing av rekneskapsbyrå i Ålesund er inne på lista.

Det einaste Synspunktet på topplista, er innlegget frå Adviso-advokatene Ole-Reinhart Notø og Ingvild Vartdal om retorikken kring regjeringa sine skatteauker.

Fiskeri og Flakk på pallen
At Herøy-båten Vestbas var lagt ut til sal i april var årets mest leste sak i 2022.

Først mot slutten av året vart det klart at dei nye eigarane vart trioen Topas Kystfiske frå Valderøya, Skår Senior frå Herøy og Segla Fiskebåtrederi på Senja.

På 2. plass på topplista finn vi også ei sak som gjeld eigarskifte i fiskeriet med Leinebris-reiarane som sikra seg grunnkvote til rekordpris, ved kjøpet av selskapet Husby Senior.

3. plassen går til intervjuet med Flakk-familien i NETT NO-magasinet 2022, der dei fortel om planane om å flytte heim tekstilproduksjon til Langevåg.

Les også

Publisert: 01.01.2023 15:00

Sist oppdatert: 01.01.2023 15:02