På tide med ein «wake-up call»
Ni av ti elevar får oppfylt førstevalet sitt til vidaregåande. Langt færre bedrifter kan seie det same.
ANALYSE:
I dag får ni av ti unge i Møre og Romsdal oppfylt førstevalet sitt – dei fleste allereie ved førsteinntaket. Behovet for arbeidskraft i bedrifter og det offentlege på Nordvestlandet, viser at det er gode grunnar til å stille spørsmål ved denne føringa frå politisk hald.
I ein større rapport om behovet for arbeidskraft i regionen, svarar til samanlikning berre halvparten av bedriftene at dei opplever at yrkesutdanninga samsvarar med behovet.
«Følg interessene» er det mange som rår ungdommen til, når dei skal
velje utdanning og yrke. Det er også bodskapen frå kompetansesjef
Kariann D. Flovikholm Møre og Romsdal fylkeskommune i ein kronikk
publisert på NETT NO i dag.
Det er eit godt råd for mange elevar som no skal søke seg til vidaregåande utdanning innan 1. mars.
Men for nokre endar det med at
dei utdannar seg til arbeidsløyse. Andre igjen veit ikkje kva dei er interesserte i. Mange av dei endar
med å gå tre år med studiespesialisering – tidlegare kalla allmennfag.
Difor har dei unge som no skal gjere sine val, også
godt av ei realitetsorientering på vegen.
Rapporten frå Menon Economics viser kvar behovet for arbeidskraft vil vere størst i åra framover her i fylket. Den viser også at både bedrifter og det offentlege i Møre og Romsdal, står i fare for å mangle betydeleg arbeidskraft. Behovet er størst innan teknologi- og industrifag, saman med helse og omsorg.
Då er det iallfall gledeleg å høyre at utdanningsavdelinga kan melde om auka søkartall på slike utdanningslinjer.
72 bedrifter og 18 kommunar ga sine innspel til rapporten som vil legge grunnlaget for fylkeskommunen sitt vidare arbeid på utdanningsfeltet.
Her er fleire ting å lære. Eit funn som er verdt å merke seg er at meir enn ein tredel av bedriftene meiner samarbeidet med fagskule og fylkeskommunen er dårleg, eller svært dårleg.
Samarbeidet mellom bedrifter og dei vidaregåande skulene, skjer i hovudsak gjennom lærlingeordninga. I rapporten kjem det fram at den geografiske plasseringa ofte avgjer korleis dette går. Generelt opplevde bedrifter i mindre tettbygde strøk eit betre samarbeid, enn på større plassar.
Dei sokalla YSK-linjene blir trekt fram som spesielt viktige for å dekke behovet for kompetanse i åra som kjem. Dette er linjer som kombinerer skulegang og arbeid, og elevane har mellom anna vore ettertrakta i den maritime industrien.
Bedriftene i undersøkinga peiker på at YSK-elevane bidreg til ei kvalitetsheving i bedriftene. At fylkespolitikarane for nokre år sidan fjerna desse elevplassane frå Ulsteinvik, Ålesund, Fræna og Kristiansund, har vore med å skape misnøye.
Bedriftene etterlyser ein arena der bedrifter, fagskule og aktørar frå høgare utdanning, kan møtast for å samarbeide om behova fram til 2030. Dei ønsker óg eit forum med dei yrkesfaglege linjene som kan nyttast til å gi kontinuerlege tilbakemeldingar både om behovet i næringslivet – men også korleis utdaninga kan bli betre.
Ein stor del ønsker også tettare kontakt med elevar og få presentere seg på skulane, i tillegg til besøk ved bedriftene. Mange vil spesielt nå meir ut til ungdomsskuleelevane, fordi dei meiner at yrkesfaga bør profilerast meir. Meir enn halvparten av bedriftene meiner fylkeskommunen og utdanningsinstitusjonane bør legge til rette for slike nye møteplassar.
Truleg vil dette være gode tiltak for å skape meir balanse mellom behovet i arbeidslivet og kva elevane ønsker seg.
Å gå vekk frå lovnaden om ni av ti elevar får oppfylt førstevalet sitt, kan også vere eit effektivt grep. Å snevre inn valmoglegheitene til elevane og «tvinge» dei inn på linjer dei eigentleg ikkje vil gå, har naturlig nok nokre utfordringar ved seg.
Men for dei som har vanskar med å finne ut kva dei vil jobbe med, kan det vere smart om dei får ei slik realitetsorientering før dei har gått tre år på «allmenn». Motivasjonen for å velje ei anna retning til eksempel yrkesfagleg, er truleg mindre som 18-19-åring, enn om dei blir utfordra til å tenke seg om som 16-17-åringar.
Og om dei har valt ei yrkesfagutdanning dei ikkje trivast med, kan
elevane skifte retning allereie etter eit år. Større valfridom i
utdanningssystemet er nettopp eit av dei største endringane som har
skjedd dei siste tiåra.
No er ikkje lengre yrkesfagutdanning noko hinder for at elevane seinare kan ta høgare utdanning. Difor finn ein i dag både akademikarar og ingeniørar som også har tømrar- eller elektrikarutdanning. Ofte blir også denne kombinasjonen av praktisk og teoretisk erfaring, trekt fram som spesielt verdifull.
Harald Tom Nesvik som no jobbar med å rekruttere folk til brønnbåtreiarlaget Sølvtrans, har tidlegare lufta spørsmålet om å innskrenke valmoglegheitent til dei unge.
«Skal vi legge opp utdanningssystemet etter kva dei unge ønskjer å halde på med ein viss periode i livet, eller skal vi ha eit system der vi tek omsyn til kva samfunnet har behov for og etterspør», spurte Nesvik då han som statsråd stilte opp for å støtte bedrifter som sjølv ville betale for å behalde ei linje for varme- og kuldepumpeteknologi.
Sjølv om meir romsleg fylkesøkonomi gjer at reiarlag og andre i år kan ha gode føresetnader for å få oppfylt ønska om fleire elevplassar, er spørsmålet er framleis aktuelt.
Med eit arbeidsliv på Nordvestlandet som skrik etter folk med rett kompetanse, er det også viktigare enn nokon gong å utdanne folk til jobbane som faktisk finst.
Les fleire saker om rekruttering og utdanning under:
Les også
Publisert: 20.02.2022 05:55
Sist oppdatert: 20.02.2022 19:45