Nr 2 fv Harald Tom Nesvik Odd Emil Ingebrigtsen Bjørnar Skjæran Gath 2022 foto Ogne
GATH-KONFERANSEN: Dei tidlegare fiskeriministrane Harald Tom Nesvik og Odd Emil Ingebrigtsen diskuterte med sittande fiskeriminister Bjørnar Skjæran på scena under GATH-konferansen i Ålesund. Foto: Ogne Øyehaug
Analyser

Solid start – men ikkje i mål

Havbruksklynga GATH har fått dansk storkonsern på laget. Regjeringa verkar ikkje like lett å overtyde.

Marius Rosbach
11.09.2022

ANALYSE:

Under GATH-konferansen denne veka har Ålesund-regionen hatt besøk av fleire hundre bransjefolk knytt til havbruksnæringa. Saman med investorar, forskarar og politikarar kom dei for å høyre siste nytt om næringa – og ikkje minst møte kvarandre.

Det er så godt som sikkert at nokre av desse møta legg grunnlaget for avtalar verdt eit betydeleg antal millionar kroner. Berre lakseoppdrettarane Atlantic Sapphire, som kom mannssterke til konferansen, kunne fortelje at dei hadde planar om å inngå avtaler med bedrifter i regionen for fleire hundre millionar framover.

Slik sett var konferansen i seg sjølv eit verktøy til å oppnå eitt av måla til nettverket som blei danna i fjor – auka eksport frå klynga.

GATH, som står for Global Aquaculture Technology Hub, blei starta i fjor av eit knippe bedrifter som ville ta eit offensivt grep.

Den gong var dei 13 aktørar som i all hovudsak kom frå Nordvestlandet. Det er liten tvil om at fleire av bedriftene som var med på oppstarten er mellom dei fremste på sine felt. Men som «global» i namnet tilseier, er ambisjonane større.

I dag har dei vekse til 25 medlemmar og framleis er dei fleste knytt til Nordvestlandet – eller «Silicon Valley for oppdrettsbransjen», som Atlantic Sapphire-sjef Johan Andreassen omtalte regionen.

Ei nyheit som ikkje fekk så stor merksemd i samband med konferansen var at nettverket ønska velkomen det nye medlemmet Danfoss. Med sine rundt 40.000 tilsette og ei venta omsetning på kring 100 milliardar i år, kan ein trygt seie at det danske industrikonsernet tilfører nettverket eit meir globalt tilsnitt.

I ein uttale på heimesida til nettverket skriv konsernet at dei gler seg til å dele sin ekspertise, i eit miljø som legg vekt på samarbeid, er ein drivar for innovasjon, skapar verdiar og støttar ei berekraftig havbruksnæring.

Konferansen var óg ein solid start til å vise fram Nordvestlandet som den «viktigaste regionen internasjonalt innanfor teknologiutvikling til akvakulturnæringa», som Lene Trude Solheim oppsummerte for NETT NO då GATH var i startgropa i fjor.

Hofseth og Ovim si satsing på den lukka oppdrettsteknologien «Egget», er eitt eksempel på korleis næringa kan ta sjumilssteg i å bli meir berekraftig. Å ta i bruk solenergi ved oppdrettsanlegga, slik Inseanergy har gjort, er eitt anna. Roger Hofseth sine planar om landbasert oppdrett i store fjellhallar i Storfjorden, er eitt tredje.

I løpet av konferanseveka er det presentert teknologiske nyheiter som samla kan vere med å skape ny vekst i ei næring som har vore hemma av luseproblem og sjukdom.

Alt dette burde vere musikk i øyrene til fiskeriminister Bjørnar Skjæran, som var mellom deltakarane. Likevel var det ein avmålt entusiasme statsråden kom med då han blei intervjua om det han fekk presentert. Til lokal-tv-stasjonen Sunnmøre Live sa han at han håpte konferansen kunne vere med å løyse utfordringane i bransjen og skape ei mer bærekraftig næring.

Skjæran fekk også spørsmål om satsinga med «Egget»-prosjektet frå NRK og forslaget til Roger Hofseth om å få bytte inn opne oppdrettskonsesjonar mot fleire lukka. I staden for å rose teknologiutviklinga og viljen til å satse, påpeika statsråden at regjeringa måtte vere nøytrale og at ei slik ordning måtte vurderast grundig.

Kanskje var årsaka utspelet frå Roger Hofseth om at regjeringa «somlar» i arbeidet med å legge til rette for at næringa skal utvikle seg. Eller kanskje var det frykta for å kome på kant med miljørørsla – som framleis har eit anstrengt forhold til havbruksnæringa. Det høyrer også med til bildet at det er langt frå sikkert at bransjen lukkast 100 prosent med teknologien dei no utviklar.

Fiskeriministeren og regjeringa si meining kjem uansett snart på bordet når dei i løpet av hausten skal ta stilling til «Forslag om etablering av en ny ordning for tildeling av tillatelser til miljøteknologiformål».

Nettopp slike miljøkonsesjonar blir peika på som den delen av næringa som har størst potensiale for vekst i Menon i sin klyngeanalyse.

– Dette er et positivt insentiv som kan gi mulighet for vekst i produksjon og verdiskaping, samtidig som lakseproduksjonen legges over på en mer miljøvennlig form, heiter det i rapporten som blei lagt fram under konferansen.

Rapporten viste óg at sjølv med dei mest optimistiske anslaga for vekst, så ligg bransjen i dag bak dei politiske måla som regjeringa sjølv har sett for næringa. Havbruksklynga på Nordvestlandet og deira allierte får krysse fingrane for at det er større politisk vilje til å oppnå dei framover.

Publisert: 11.09.2022 05:00

Sist oppdatert: 12.09.2022 12:20

Mer om