Jenny klinge per vidar kjølmoen montasje foto marius møre og romsdal senterparti 22
BEDRIFTSBESØK: Dei regjeringspartia sine nye medlemar frå Møre og Romsdal i næringskomiteen på Stortinget har vore på ein rekke bedriftsbesøk denne veka. Her er Jenny Klinge (t.v.) på Riflestocks i Hornindal, og Per Vidar Kjølmoen i samtale med Gunvor Ulstein på Ulstein Verft. Foto: Møre og Romsdal Senterparti/Marius Rosbach
Nytt

Omreisande lynkurs i næringspolitikk

Dei komande åra er Jenny Klinge (Sp) og Per Vidar Kjølmoen (Ap) dei mest sentrale politikarane for mange bedrifter på Nordvestlandet.

Marius Rosbach
07.11.2021

Etter at det nye Stortinget trådde saman, har Mørebenken fått fleire nye ansikt. Senterpartiets Jenny Klinge kjenner dei fleste. Etter 12 år med justispolitikk, tek ho no plass i næringskomiteen.

– Eg er sjeleglad for at eg fekk den plassen, og det var førstevalet mitt, fortel Klinge til NETT NO.

Ho kjem frå Surnadal, men påpeiker at ho skal vere politikar for heile fylket – og landet. Klinge opplever også at ho har god erfaring etter å ha vakse opp med ein far som var næringsdrivande, og sjølv vore med å starte målarfirma.

– Eg er frykteleg oppteken av kampen mot byråkrati og skjemavelde, fordi eg er klar over kva for ein tidstjuv det kan vere for næringslivet. Der kan eg love eit ekstra engasjement, fortel ho.

Podium

E13/S2 Hvordan vil ny regjering påvirke næringslivet i regionen?

Hard kamp om komitéplass
Også Per Vidar Kjølmoen (Ap) frå Isfjorden sikra seg plass i næringskomiteen etter hard kamp. Ein rekke mannlege politikarar ønska seg dei to ledige plassane. Kjølmoen set stor pris på at han fekk den eine.

Han har mellom anna vore informasjonssjef og journalist, og har bak seg ei periode som fylkesvaraordførar. No er han også Arbeidarpartiets talsmann for maritim politikk og landbruk.

Den siste veka har han vore på landevegen og besøkt bedrifter frå Hyen, og vidare via Florø og Bergen til Haugesund.

– Eg kjenner godt den maritime klynga i Møre og Romsdal, men eg hadde ei behov for å få meir oversikt over korleis det ser ut langs større delar kysten, fortel Kjølmoen til NETT NO.

(saka held fram under)

Per vidar kjølmoen m fl ulstein foto marius 11
ULSTEINVIK: Per Vidar Kjølmoen (nr. 2. f.v.) på verftsbesøk i Ulsteinvik med den nye fiskeri- og havministeren, Bjørnar Skjæran (t.h.). Foto: Marius Rosbach

Mangel på fagfolk er felles utfordring
Ap-politikaren fortel at han er «djupt imponert over alt folk får til i alle fjordarmar» han har besøkt. Kjølmoen fortel at han har møtt mykje optimisme og pågangsmot, men også nokre felles utfordringar.

– Faglært arbeidskraft er fellesnemnaren som kvar einaste bedrift trekker fram som ei utfordring. Det er i ferd med å ein avgrensande faktor, påpeiker han.

Eit løft for lærlingordninga og fagarbeidaren var mellom dei viktigaste sakene for Kjølmoen i valkampen. Elles har han ein «bunke med saker», han ser fram til å jobbe med.

– Det er alt frå store ting som tiltak for verft, til å jobbe for at forlenga frist på ei Enova-ordning, legg han til.

Faglært arbeidskraft er fellesnemnaren som kvar einaste bedrift trekk fram som ei utfordring
Per Vidar Kjølmoen

Vil ha omstillingspakke for verfta
Kjølmoen er bekymra for dei slunkne ordrebøkene for nokre av dei store nybyggingsverfta, som Ulstein Verft som han besøkte seinast denne veka.

– Ulstein fortel at det er no dei er i koronadippen og merkar konsekvensane på sine ordrebøker, fortel han.

Den nye regjeringa ønsker ein politikk meir retta mot dei store nybyggingsverfta. I påvente av at regjeringa skal legge fram ein samla plan for grøn skipsfart, er han tilbakehalden med heilt konkrete forslag.

– Men ei form for grøn omstillingspakke for å sette fart på ombygginga, trur eg kan vere bra for både Ulstein og andre norske verft. Nybygg er eg redd tar for lang tid no, fortel han.

Kva som blir dei første skritta på vegen, blir klart når tilleggsproposjonen til statsbudsjettet blir lagt fram måndag.

– Der vil vi begynne arbeidet med å lage ein betre maritim politikk. Vi kan ikkje reversere alle kutta, eller legge inn alle satsingar med ein gong, men vi startar jobben no.

Ekstern lenke til pressekonferanse (startar måndag kl 15)

(saka held fram under)

Jenny klinge oscar haugen riflestocks foto møre og romsdal senterparti 11
HORNINDAL: Oscar Haugen og Riflestocks har store planar framover. Denne veka besøkte Jenny Klinge geværskjefteprodusenten i Hornindal. Foto: Møre og Romsdal Senterparti

– Villige til å gå lengre enn dei fleste
Jenny Klinge vil også ha meir statleg hjelp til maritime næringar. Men ho påpeiker at utan fleirtal i Stortinget er regjeringa avhengige av andre for å få gjennom politikken.

Sp-politikaren legg ikkje skjul på at det er ei utfordring at det er store midlar som trengst for å støtte ei næring som verftsbransjen, slik at det verkeleg monnar. Då regjeringa la fram statsbudsjettet i fjor haust, tok partiet til orde for å bruke fleire milliardar meir på ei maritim tiltakspakke.

– Eg opplever at vi er villige til å gå lengre enn dei fleste partia for å bidra til den omstillinga som skal til for at den maritime industrien både skal kome ut med meir klimavennlege løysingar, men at dei også skal vere økonomisk drivbare verksemder, legg ho til.

Eg opplever at vi er villige til å gå lengre enn dei fleste partia for å bidra til den omstillinga som skal til
Jenny Klinge

Slit med å få tak på nok folk

Også Klinge har den siste tida vore mykje på reisefot for å sette seg inn i kvar skoen trykker. Denne veka besøkte ho P.A. Bjørdal og geværskjefteprodusenten Riflestocks og Ekornes.

Sistnemnte opplever rekordhøg etterspurnad som følgje av pandemien. Deira utfordring er å skaffe nok folk til å ta unna ordrane.

– Det er heilt utruleg å sjå kva for ein aktivitet dei har, seier Klinge.

Ho meiner regjeringa må sjå på korleis dei kan bidra til at det blir meir attraktivt å busette seg i slike lokalmiljø med stort behov for arbeidskraft. Kommunane har det lokale ansvaret for dette, men staten kan også bidra med overordna tiltak, påpeiker ho.

– Det er kjempeflott å sjå når norsk ungdom ser ei framtid til eksempel i møbel. Dei må også få vite kor mange ulike arbeidsplassar som finst rundt om i fylket vårt. Desse bedriftene treng eit mangfald av folk og kompetanse, understrekar Sp-politikaren.

Publisert: 07.11.2021 05:55

Sist oppdatert: 08.11.2021 10:15

Mer om