Cruise service gabriele innfelt kåre molvær foto cruise service marius 11
SER MØRKE SKYER: Cruise Service har hatt tøffe oppstartsår under pandemien, men har halde seg flytande. No fryktar dagleg leiar Kåre Molvær mellom anna cruisestopp om det blir stilt krav til norske løns- og arbeidsvilkår på utanlandske skip som kjem til Norge. Foto: Cruise Service/Marius Rosbach
Nytt

Refsar maritim politikk: – Ei rasering av kysten

Cruise Service avventar store investeringar og Stadyard gjekk nyleg glepp av oppdrag til ein halv milliard. Begge peiker på regjeringa.

Marius Rosbach
04.11.2022

NETT NO kunne denne veka fortelje om det vellukka ombyggingsprosjektet av hurtigbåten Gabriele. Både reiarlaget Cruise Service og Stadyard-verftet er likevel usikre på framtida grunna fleire politiske forslag som er lagt på bordet i haust.

– No bør regjeringa kjenne si besøkelsestid, dette inneber ei rasering av kysten og er kritisk for lokalsamfunna, fortel driftssjef Trond Kongshaug på Stadyard.

Allereie i vår gjekk Stadyard-sjef Agnar Lyng ut og åtvara i NETT NO mot at nybyggingsverfta langs kysten kan forsvinne.

No er driftssjefen hans mellom anna uroa over det auka skattetrykket for bedriftseigarane, og utsiktene for meirkostnader som følgje av høgare arbeidsgivaravgift for høgtlønna.

Jan arve drabløs trond kongshaug stadyard foto marius 11
STADYARD: Driftssjef Trond Kongshaug ved Stadyard-verftet saman med Jan Arve Drabløs frå Skår Senior-reiarlaget, som fekk overlevert ny båt i fjor. Foto: Marius Rosbach

Verftskunde la nybygg på is
Mest provosert er Kongshaug likevel over lakseskatten, som han meiner gir alvorlege konsekvenser for den maritime industrien langs kysten.

– Denne gongen er det grunnrenteskatt på oppdrett, og eg trur fiskeriet står for tur. Vi har nyleg rekna på eit prosjekt for ein kunde til ein verdi av 500 millionar, som blei lagt på is grunna usikkerheita som har oppstått, fortel han.

Kritikken mot forslaget om lakseskatt har vore massiv. Allereie dei første dagane fordufta børsverdiar for titals milliardar, og i ettertid har bransjen lagt investeringsplanar for minst like mykje i skuffen.

Den siste veka har det kome signal om at i alle fall Senterpartiet vil sjå ein gong til på utforminga av forslaget, men regjeringspartia har så langt stått på at skatten kjem.

– All risikokapital er i ferd med å forsvinne
Dagleg leiar Kåre Molvær i Cruise Service ser fleire mørke skyer på himmelen for dei maritime næringane langs kysten.

– Eg trudde at Arbeiderpartiet og Senterpartiet ville prøve å vakte distrikta, men dei gjer det motsette. Saman med andre aktørar i regionen klarer vi å få til utvikling, men så kjem regjeringa og skal ha alle pengane til Oslo og dele ut til trengande, seier han oppgitt.

Molvær er også uroa over det samla skattetrykket regjeringa no ønsker å innføre på næringslivet og bedriftseigarar.

– All risikokapital er i ferd med å forsvinne frå kysten, seier han.

Fryktar cruisestopp av lovforslag
Cruise Service-sjefen har vore i møte med Mørebenken og fortald at dei no held tilbake investeringar på kring 130 millionar kroner – ein ny båt med nullutslepp, som dei håpar å bygge ved eit lokalt verft.

Den viktigaste årsaka til at Molvær har kalde føter, er likevel forslaget om å innføre norske løns- og arbeidsvilkår på utanlandske skip.

Han fryktar det vil føre til at dei store cruisereiarlaga droppar å kome til Norge. Ei slik utvikling vil naturleg nok vere øydeleggande for Cruise Service, som baserer mykje av verksemda på turistar frå cruiseskipa.

Molvær stiller spørsmål ved motivet for å innføre ordninga, og viser til at besetninga på cruiseskipa er beskytta av internasjonale reglar.

– Dette er sjøfolk som tener godt samanlikna med heimlanda sine, seier han.

Cruise service keiser wilhelm foto cruise service 22
BÅT NUMMER FEM: No har Cruise Service fem båtar i flåten etter at dei kjøpte ein 1990-bygd hurtigbåt som har fått namnet Keiser Wilhelm. Dei fleste båtane til selskapet har høgsesong på sommaren med cruiseturistar. Foto: Cruise Service

Vil heller telje antall hamner
Slik forslaget om norske løns- og arbeidsvilkår no er utforma – er det distansen skipet seglar som vil vere avgjerande om dei kjem inn under ordninga.

Om forslaget blir vedteke håpar Cruise Service-sjefen seg eit kompromiss, der antal hamner skipa er innom skal telle - og ikkje døgn eller nautiske mil. Han vil óg at skip som startar og stoppar i utlandet, blir unnteke.

– Då kan vi iallfall sikre oss omsetninga dette gir, legg Molvær til.

Han påpeiker at omsetninga frå cruiseturistane for lokalt næringsliv langs kysten, skjer når skipa ligg til kai. Med andre ord er det i bedriftenes interesse at dei ligg der flest mogleg dagar.

Med reiarlaget sitt forslag vil det lokale næringslivet som baserer seg på cruiseturismen, i stor grad behalde marknaden.

Kjem snart til Stortinget
Høyringsfristen for forslaget gjekk ut i august, og skal snart til behandling i Stortinget. Molvær oppmodar politikarane til å tenke seg om ein gong til.

Sjølv om han forstår ønske om å beskytte norsk sjøfart og arbeidsplassar, påpeiker han at det i dag ikkje finst tonnasje til å erstatte cruiseskipa.

– Skal slike forslag bli innført, bør det iallfall settast fristar som går framover i tid, slik at vi kan planlegge aktiviteten fem til ti år framover, legg Molvær til.

Publisert: 04.11.2022 11:20

Sist oppdatert: 04.11.2022 12:42